Daniel Bremer Juell

norsk politikar og prest

Daniel Bremer Juell (1. januar 180826. mai 1855) var ein norsk biskop og stortingsmann. Sorenskrivar Ole Juell var far hans.

Daniel Bremer Juell
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1808
Seljord
Død

26. mai 1855 (47 år)
Hamburg

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Verv Biskop i Tromsø stift
Periode 1849–1855
Føregangar Mathias Bonsak Krogh
Etterfylgjar Knud Gislesen
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Ole Juell

Juell var fødd i Seljord. Han vart student i 1826 og cand. theol. i 1831. I 1832 vart han styrar ved borgarskulen i Kragerø, fire år seinare vart han kateket i same byen. Frå 1845 til 1849 var han sokneprest i Porsgrunn, i 1849 vart han biskop i Tromsø stift.

Juell representerte Kragerø på Stortinget i 1839, 1845 og i tillegg Porsgrunn og Brevik i 1848. Han var i 1839 sekretær i tollkomiteen, 1845 medlem i bankkomiteen og 1848 sekretær i kyrkjekomite nr 1.

Juell døydde i Hamburg i 1855, på ei reise til Karlsbad. Han vart gravlagd i Christiania. .

Kjelder endre