Bokn kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Bokn)

Bokn kommune ligg i Rogaland fylke i regionen Haugalandet og grensar i sør til Kvitsøy og Stavanger kommune, i nord og aust til Tysvær og i vest til Karmøy. Kommunen vert utgjort av tre øyar der det bur folk, og i tillegg 123 småøyar og holmar. På øya Vestre Bokn bur det mest folk, og nokre mindre på øyane Austre Bokn og Ognøy.

Bokn kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Føresvik
Areal 47,17 km²
 •  land 44,57 km²
 •  vatn 2,60 km²
Folketal 883  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Egil Våge (Sp)
Kommunenr. 1145
Kart
Bokn kommune
59°12′01″N 5°25′23″E / 59.200277777778°N 5.4230555555556°E / 59.200277777778; 5.4230555555556
Wikimedia Commons: Bokn
Nettstad: www.bokn.kommune.no

Kommunesenteret er Føresvik.

Samfunn

endre
 
Mot Føresvik

I Bokn har næringslivet tidligare bestått hovudsakleg av jordbruk og fiske. Dei står framleis sterkt, men nå er det også to store bedrifter, HighComp som lagar komposittprodukt og Grieg seafood som har oppdrettsanlegg og smoltproduksjon i tillegg til mange mindre bedrifter.

Bokn har eige bibliotek og matvarebutikk. Kommunen har éin skule, Bokn skule, som er både barne- og ungdomsskule med om lag 100 elevar. Tilknytt skulen finn ein òg Bokn barnehage.

Geografi

endre

Bokn har brusamband mot resten av Haugalandet og nord-Rogaland og ferjesamband mot sør over Boknafjorden. Sambandet er ein del av Europaveg 39, ein del av hovudvegen mellom Bergen og Stavanger.

Høgaste punkt er Boknafjellet 294 moh på Vestre Bokn. Fjelltoppen har vore lett å kjenna att og orientera seg etter på sjøen. Namnet Bokn skal tyda seglingsmerke.

Kommuneblom og -våpen

endre

Kommuneblomen til Bokn er kusymra, som lokalt gjerne blir kalla kusom. Blomen vart kåra i ei avstemming.

Kommunevåpenet vert skildra som «Varde i sølv på blå botn». Blåfargen symboliserer at kommunen er ein øykommune med hav kring. Sølvfargen symboliserer rikdomane i havet. Varden symboliserer øyane slik ein kan sjå dei på litt avstand.

Kjente folk frå Bokn

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre