Sløkje
Sløkje eller sløke (Angelica sylvesteris) er ein plante i skjermplantefamilien.
Sløkje | |
Blomstrande sløkje | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Slekt: | Kvannslekta Angelica |
Art: | Sløkje A. sylvestris |
Vitskapleg namn | |
Angelica sylvestris |
Sløkja vert opptil ein meter høg. Stengelen er hol og har dunhår øvst, og har fint sagtakka småblad. Bladstilken har ei djup, brei renne. Sløkja blomtrar i juli med stor, litt flattrykt blomsterstand med talrike blomstrar med skitenkvite kronblad, nokre gonger raudlege.
Sløkje veks på fuktig beitemark og ved bekkar opp til tregrensa, i Noreg opp til 1300 moh,[2] og elles i skogområde i Europa og nordvestlege Asia. På dei fuktigaste stadene kan sløkja vekse saman med den særs giftige selsnepa, som ho òg kan forvekslast med.
Det første året etter frøspiringa utviklar planten ein bladrosett; rotstokken står loddrett, men strekkjer seg ikkje, slik at blada vert nede ved marka. Tidlegast andre leveåret, når rotstokken har samla tilstrekkeleg med næring, skyt han i veret, blomstrar og dannar frukt. Etter frøsetjinga døyr planten.
Plantenamnet sløkje heng saman med ordet 'sluk', med opphav i den hole, røyrforma stengelen. Namnet vert i mange dialekter brukt om blomstrande kvann, Angelica archangelica. I desse dialektane kan sløkja kallast geitsløkje el.l.
Planten kan brukast til farging av ull, og gjev ein gul varig farge. Han har som den nærskylde kvanna vore bruka som grønsak, men i mykje mindre omfang. Rafn oppgjev av planten i Sverige skal ha vore bruka som medisinplante mot hysteri.
Kjelder
endre- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
- Carl Gottlob Rafn: Danmarks og Holsteens Flora. Kiøbenhavn 1800
- Referansar
- ↑ Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av sløke Angelica sylvestris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.