Slaget om Vimyhøgda

50°22′44″N 2°46′26″E / 50.379°N 2.774°E / 50.379; 2.774

Fyrste verdskrigen

Dato 9.12. april 1917
Stad Vimy i Pas-de-Calais i Frankrike
Resultat Canadisk siger
Partar
 Canada  Keisarriket Tyskland
Kommandantar
Det britiske flagget Julian Byng,
Flagget til Canada Arthur Currie
Flagget til Det tyske keisardømet Ludwig von Falkenhausen,

Flagget til Det tyske keisardømet Karl von Fasbender,
Flagget til Det tyske keisardømet Georg Karl Wichura

Styrkar
170 000 menn 30 000–45 000 menn
Tap
3598 døde
7104 såra
6604 drepne og såra

Slaget om Vimyhøgda (engelsk Battle of Vimy Ridge, fransk Bataille de la crête de Vimy) var eit slag som vart utkjempa frå 9. til 12. april 1917 i Vimy et Givenchy-en-Gohelle i nærleiken av Lens i Pas-de-Calais i Frankrike mellom tyske og hovudsakleg canadiske styrkar under den fyrste verdskrigen. Dei canadiske styrkane vann slaget. Då dette var eit av dei første slaga der canadiske styrkar opererte på eiga hand, fekk det særs mykje å seia for det canadiske nasjonale sjølvmedvitet.

Forhistoria endre

Vimy var blant dei best forskansa områda på heile vestfronten og dei allierte vurderte det som ei uinntakeleg festning. Britane og franskmennene hadde i fleire år freista å setja til livs høgda med store tap, franskmennene åleine mista 150 000 soldatar under eit forsøk i 1915. Strategisk var høgdedraget svært viktig, då det var den einaste naturlege barrieren.

Dei allierte vedtok å gjennomføra eit nytt angrep i 1917. Valet fall på canadiarane, og for første gong vart dei fire divisjonane i det canadiske korpset (Canadian Corps) nytta samla. Den britiske 5. infanteridivisjonen deltok òg under angrepet. Canadiarane hadde lært av dei mislukka britiske og franske forsøka og vedteke å prøva ut nye taktikkar på troppenivå, blant anna utstrekt bruk av maskingevær som Lewis Gun, og dessutan å gje grundig orientering og detaljerte kart ikkje berre til befalet og offiserane men òg til meinige soldatar. Dei bygde opp ein kopi av Vimyhøgda bak eigne linjer og heldt på i mange månader med å drilla på angrepet.

Slaget endre

 
Canadiske styrkar ved Vimy.

2. april 1917 byrja dei canadiske styrkane verdas største artilleribeskytning til då. På ei veke skaut dei canadiske styrkane over ein million granatar mot dei tyske stillingane. Artilleriangrepet var så hardt at det kunne høyrast heilt til London. Under artilleridekning avanserte det 30 000 mann store canadiske korpset 9. april, og på under 2 timar hadde tre av dei fire canadiske divisjonane nådd måla sine. Dei siste måla vart nådd i løpet av kvelden. 12. april kontrollerte dei canadiske styrkane heile høgda.

Etter slaget endre

Åtaket kosta dei canadiske styrkane 3598 drepne og 7104 såra. Dei tyske styrkane ved Vimyhøgda mista i same periode 6604 drepne og såra. Slaget fekk lite å seia på det strategiske nivået, men den psykiske effekten var stor. For dei alliertes var den sterkaste tyske befestninga på vestfronten overvunnen med forholdsvis små tap.

Slaget gav òg canadiarane eit rykte om å vera dei beste allierte soldatane.

Vimy er den staden i Frankrike og Belgia med høgast konsentrasjon av ueksploderte granatar.

Det britiske bombeflyet Vickers Vimy er oppkalla etter slaget.

Vimymonumentet endre

 
Britiske militære ved Vimymonumentet i 1944-45

På Vimyhøgda ligg no det canadiske Vimymonumentet, som er det største krigsmonumentet til Canada. Grunnen det står på er gjeven i gåve av den franske regjeringa til den canadiske.

Kjelder endre