Slaget ved Fimreite
Slaget ved Fimreite i 1184 var det endelege slaget mellom kong Sverre og Magnus Erlingson om kongsmakta i Noreg. Begge hevda at dei var av kongeætt og gjorde krav på å bli konge i Noreg. Under slaget fall Magnus Erlingson og, i følgje soga, over 2000 av mennene hans. Slaget fann stad i Sogndalsfjorden ved Fimreite som ligg i dagens Sogndal kommune.
Slagets forløp
endreKong Sverre hadde reist til Sogndal for å slå ned eit opprør som hadde kosta to av hans sysselmenn livet. Magnus Erlingson hadde fått nyss om at Sverre var i dei trakter. Etter å ha mobilisert i Bergen, og med sterk dansk støtte, reiste han innover Sognefjorden med sine 26 skip for å ta eit endeleg oppgjer med Sverre. Sverre, som berre hadde 14 skip, innsåg at situasjonen var ille. Men ved å oppeldna sine menn og med krigslist greidde han likevel å kjempa ned fienden.
Etter slaget
endreKonsekvensane av slaget var at nesten heile det gamle aristokratiet vart utsletta og Sverre sette inn sine eigne menn i desse maktposisjonane. Dette var med på å sikra hans stilling som konge i Noreg.
Bakgrunnsstoff
endre- Slaget ved Fimreite Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Kan ha funne vikingskip Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. Sogn Avis 15.07.2006