Slektsforsking

(Omdirigert frå Slektsgransking)

Slektsforsking, også kalla genealogi, slektsgransking eller ættegransking, er søking i historisk kjeldemateriale etter forfedrane og etterkomarane til ein person eller ein familie, for å klårleggja familien si slektshistorie og dei innbyrdes slektskapstilhøva mellom personar. Ein som driv med slektsforsking, kan kalla seg genealog.

Kjeldematerialet for slektsforsking i Noreg er ofte kyrkjebøker og folketeljingar, men kan òg vera juridiske dokument (tinglysingar, dommar, matriklar m.v.) og lensmannsprotokollar, passasjerlister, skattelister, skular, helsevesenet, militærvesenet og munnlege overleveringar. Dei aller fleste norske kommunar har bygdebøker, der ein kan finne oppsett med opplysningar om kvart gardsbruk og folket som har budd der.

Slektsforsking og data

endre

Heimedatamaskinar og Internett har gjort det lett for kven som helst å forska på slekta si. Stadig meir av kjeldematerialet vert digitalisert og gjort tilgjengeleg på Internett, anten gratis av eldsjelar eller av det offentlege (som t.d. det norske Digitalarkivet eller mormonarane sine enorme slektsarkiv) eller av kommersielle føretak mot betaling. Genealogar frå heile verda nyttar nettet til å etterlysa og utveksla informasjon.

Når ein samlar slektsinformasjon, vert det raskt store datamengder å halda orden på. Difor finst det eit utal slektsforskingsprogram (frå heilt gratis til svært dyre) som hjelper genealogen å systematisera data og som kan lagra informasjonen i ein intern database og presentera han på ulike format for ulike føremål.

Dei fleste slike program kan eksportera og importera slektsinformasjon frå andre slektsdatabasar via det internasjonale standardformatet GedCom.

Bakgrunnsstoff

endre
  • RootsWeb: Den første, største, og framleis truleg den aller beste gratistenesta på nettet for slektsforskarar
  • conce.com Arkivert 2006-08-29 ved Wayback Machine. Endrar Slektsforsking conce.com
  • Family Search: mormonararkivet
  • Digitalarkivet for slektsforsking i Noreg
  • Slektsforum: den viktigaste møteplassen på Internett for norske genealogar, i regi av samskipnaden Databehandling i Slektsforskning - Norge
  • GenCircles: Last opp slektstreet ditt, og det vert automatisk plugga inn i «det globale slektstreet» dersom ein eller fleire av personane allereie er opplasta av andre genealogar
  • Legacy Family Tree: Dataprogram (Windows) for slektsforskarar, omsett til m.a. nynorsk og bokmål; fullverdig standard versjon er gratis
  • Brother's Keeper: Dataprogram (Windows) for slektsforskarar, omsett til m.a. norsk (bokmål og nynorsk) og fleire andre språk. Programmet blir levert som shareware, men kan også registrerast hos produsenten. Programmet kan bl.a. nedlastast som sharewareversjon.