Opna hovudmenyen

Sletringen fyrstasjon er eit fyr som ligg utanfor TitranFrøya i Sør-Trøndelag.

Sletringen fyrstasjon
Slettringen 1.jpg
Sletringen fyrstasjon
Foto: Odd Einar Helmersen
FylkeSør-Trøndelag
KommuneFrøya
FunksjonKystfyr
Oppretta1899
Koordinatar63°39.9637′N 8°15.7657′EKoordinatar: 63°39.9637′N 8°15.7657′E
Fyrtårn
Høgd49
FormRaudt tårn med to kvite belte med bifyr
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
Lyskarakter2 lysglimt kvart 15. sekund
Bifyr: Isostase
LyshøgdHovudfyr: 46 moh
Bifyr: 31,5 moh
Lysvidde18,5 nm
Bifyr: 14,6 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1993
Avfolka1993
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Sletringen fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Sletringen fyrstasjon

Det første tårnet her vart bygd i 1899, medan det noverande tårnet i støypejern vart bygd i 1923. Det står på ein høg sokkel av betong, liknande Geitungen fyrstasjon i Rogaland og Makkaur fyrstasjon i Finnmark. Tårnet har ei høgd på 45 meter og er det høgaste i landet. Fyrmeistarbustaden ligg inne i sjølve tårnet. Den franske lynblinklinsa frå 1923 er framleis i drift.

I 1968 vart det sett inn tyfon som tåkesignal og denne er framleis bevart, men ikkje i bruk. Rundt fyret ligg eit maskinhus, uthus og naust og ein sirkelforma betongmur

Fyret vart avbemanna og automatisert i 1993 og er i dag freda etter lov om kulturminne. Likevel har fyret forfalle og har sidan mars 2008 vore ut av drift.[1]

Innhaldsliste

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Kjelder i tekstEndra

BakgrunnsstoffEndra