Geitungen fyrstasjon
Geitungen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy like sør for Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden.
Foto: Danckert Monrad-Krohn / Riksantikvaren | |||
Fylke | Rogaland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Karmøy | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1924 | ||
Koordinatar | 59°07.8886′N 5°14.5604′E / 59.1314767°N 5.2426733°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 11,2 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Betong | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sekund | ||
Lyshøgd | 41,0 moh. | ||
Lysvidde | 17,8 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten ved Kystverket | ||
Automatisert | 1994 | ||
Avfolka | 1994 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Geitungen fyrstasjon 59°07′53″N 5°14′34″E / 59.13138889°N 5.24277778°E | |||
Fyret vart teikna av ingeniør Jørgen M. Meinich i fyrvesenet og bygd i betong. Det originale 2. ordens linseapparatet er framleis i drift og delar av tåkeluren, ein diafon, samt radiofyret er bevart. På fyrstasjonen finn ein fyrassistentbustad og veg, landing og naust. Av den gamle fyrmeisterbustaden står berre tuftene att. Det same gjeld eit uthus.
Geitungen fyr er særprega fyr frå seinare tid og eit viktig døme på betongarkitektur. Fyrbygningen er stort sett bevart som han vart bygd og har stor fyrhistorisk verdi. Fyret er derfor freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 146» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Geitungen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Geitungen fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren