Sletringen fyrstasjon
Sletringen fyrstasjon er eit fyr som ligg utanfor Titran på Frøya i Sør-Trøndelag.
![]() Sletringen fyrstasjon Foto: Odd Einar Helmersen | |
Fylke | Sør-Trøndelag |
---|---|
Kommune | Frøya |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1899 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 49 |
Form | Raudt tårn med to kvite belte med bifyr |
Byggjemateriale | Støypejern |
Fyrlys | |
Lyskarakter | 2 lysglimt kvart 15. sekund Bifyr: Isostase |
Lyshøgd | Hovudfyr: 46 moh Bifyr: 31,5 moh |
Lysvidde | 18,5 nm Bifyr: 14,6 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1993 |
Avfolka | 1993 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
Det første tårnet her vart bygd i 1899, medan det noverande tårnet i støypejern vart bygd i 1923. Det står på ein høg sokkel av betong, liknande Geitungen fyrstasjon i Rogaland og Makkaur fyrstasjon i Finnmark. Tårnet har ei høgd på 45 meter og er det høgaste i landet. Fyrmeistarbustaden ligg inne i sjølve tårnet. Den franske lynblinklinsa frå 1923 er framleis i drift.
I 1968 vart det sett inn tyfon som tåkesignal og denne er framleis bevart, men ikkje i bruk. Rundt fyret ligg eit maskinhus, uthus og naust og ein sirkelforma betongmur
Fyret vart avbemanna og automatisert i 1993 og er i dag freda etter lov om kulturminne. Likevel har fyret forfalle og har sidan mars 2008 vore ut av drift.[1]
Innhaldsliste
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- «Norsk fyrliste 2008 - side 397» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Sletringen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Kjelder i tekstEndra
- ↑ NRK: Sletringen fyr forfaller (21. august 2008)
BakgrunnsstoffEndra
- Vis Sletringen fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren