Sletta kyrkje er ei arbeidskyrkje nord for Sistranda i Frøya kommune i Trøndelag.

Sletta kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Frøya
Fellesråd Frøya
Type arbeidskyrkje
Arkitekt Odd Østbye
Teknikk betong
Material betong
Innvigd 21. oktober 1990
Tårn i vest
Klokker Olsen Nauen, 1990
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol av betong og stein
Døypefont av tre, frå 1881
Altartavle krusifiks av Johan Rokkones frå 1992
Orgel Gunnar Fabricius Husted, 1990
Sitjeplassar 430[1]
Kart
Sletta kyrkje
63°47′45″N 8°48′28″E / 63.7957°N 8.8078°E / 63.7957; 8.8078
Wikimedia Commons: Sletta kirke

Tidlegare kyrkjer endre

Det har stått to kyrkjer på staden før den noverande. Ei langkyrkje av tre vart først oppført på Sula før ho vart flytta til Fast-Frøya og innvigd der den 4. september 1775. I 1884 vart ho avløyst av ei langkyrkje av tre med nærare 1000 sitjeplassar. Denne kyrkja, som vart teikna av Henrik Nissen, var ei av dei største trekyrkjene i landet, men brann ned til grunnen 8. juni 1984.

Kyrkja av i dag endre

Sletta kyrkje vart teikna av Odd Østbye og er ei arbeidskyrkje i betong. Kyrkjetomta er den same som før, men plasseringa er litt annleis. Kyrkjesalen kan utvidast til om lag 430 plassar ved at skyvedører opnast. Krusifikset bak altaret er laga av Johan Rokkones etter modell av gamle Frøyakrusifiks.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre