Sliretjønnaks
Sliretjønnaks (Stuckenia vaginata) er ei plante i trådtjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten har ei spreidd sirkumpolar utbreiing.[2]
Sliretjønnaks | |
Sliretjønnaks | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae |
Slekt: | Trådtjønnaksslekta Stuckenia |
Art: | Sliretjønnaks S. vaginata |
Vitskapleg namn | |
Stuckenia vaginata |
I Noreg er arten heimleg på djupt vatn i innsjøar, men er sjeldan. Han vart først funnen i Brønnøy i Nordland i 1983 og er seinare registrert nokre få stader vidare nordover. Han er likevel truleg ikkje nyinnvandra, men har vore oversedd.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som nær truga (NT).[3]
Hybriden med trådtjønnaks (S. filiformis × S. vaginata eller S. ×fennica)[4] er funnen i Brønnøy i Nordland.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Sliretjønnaks». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2024.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 179.
- ↑ «Raudlista: Sliretjønnaks». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2024.
- ↑ «PoWO: Stuckenia × fennica». Plants of the World Online. Henta 22. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Sliretjønnaks hos Artsdatabanken
- (en) Sliretjønnaks i Encyclopedia of Life
- (en) Sliretjønnaks i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Sliretjønnaks hos Dyntaxa
- (en) Sliretjønnaks hos ITIS
- (en) Sliretjønnaks hos NCBI
- (en) Sliretjønnaks hos The International Plant Names Index
- (en) Sliretjønnaks hos Tropicos
- (en) Kategori:Stuckenia vaginata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Stuckenia vaginata – detaljert informasjon på Wikispecies