Trådtjønnaks (Stuckenia filiformis) er ei plante i trådtjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiing.[2]

Trådtjønnaks
Trådtjønnaks
Trådtjønnaks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae
Slekt: Trådtjønnaksslekta Stuckenia
Art: Trådtjønnaks S. filiformis
Vitskapleg namn
Stuckenia filiformis

I Noreg er arten heimleg i grunt ferskvatn eller brakkvatn. Arten er nokså vanleg i mange delar av landet.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]

Trådtjønnaks finst i fleire former, og det kan vere at plantene i Noreg kan skiljast i to ulike underartar, men dette er ikkje utgreidd:[2]

  • sørleg trådtjønnaks (S. filiformis ssp. filiformis) omfattar i så fall låglandsplantene
  • nordleg trådtjønnaks (S. filiformis ssp. alpina) omfattar planer i dal- og fjellstrøk og i nord

Hybriden med busttjønnaks (S. filiformis × S. pectinata eller S. ×suecica)[4] er funnen spreidde stader nær kysten frå Agder til Troms, men finst truleg fleire stader der foreldreartane finst. Ein hybrid med sliretjønnaks (S. filiformis × S. vaginata eller S. ×fennica)[5] er funnen i Brønnøy i Nordland.[2]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Trådtjønnaks». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 179. 
  3. «Raudlista: Trådtjønnaks». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2024. 
  4. «PoWO: Stuckenia × suecica». Plants of the World Online. Henta 22. februar 2024. 
  5. «PoWO: Stuckenia × fennica». Plants of the World Online. Henta 22. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre