Thorvaldsens Museum

Thorvaldsens Museum er eit enkeltkunstnarmuseumSlotsholmen i København ved sidan av Christiansborg.

Thorvaldsens Museum. (Kuppelen høyrer til Christiansborg Slotskirke og spiret til Nikolaj Kirke.)
Thorvaldsens Museum sett frå kanalen

Museet er oppført 1839-1848 etter ei offentleg innsamling i 1837 og er teikna av Michael Gottlieb Bindesbøll. Det vart oppført på fundamentet af Christiansborgs tidlegare vogngard på avfallsplassen Skarnholm.

Det opna 18. september 1848.

Bertel Thorvaldsen døydde fire år før museet stod ferdig. Ei veke før museet opna for publikum, vart kista hans flytta frå Vor Frue Kirke til gravkammeret i museets indre gard.

Thorvaldsens Museum er freda.[1]

MuseumsbyggetEndra

Bygget er inspirert av den antikke greske arkitekturen og bygd rundt eit indre gardsrom der kunstnaren ligg gravlagt. Det er nemneverdig på grunn av fargebruken både inn- og utvendig. Kvart rom i museet har ein unikt takdekorasjon i grotesk stil. Frisa på museets yttermur skildrar Thorvaldsens heimkomst frå Roma i 1838. Den er laga av målaren Jørgen Sonne. Den forfall og vart i 1949-59 trekt av muren og erstatta av ein kopi laga av målaren Axel Salto. [2]

SamlingEndra

Museet rommar ei lang rekke av Thorvaldsens verk i mormor og originale gipsmodellar, som vart brukt ved framstillinga av dei endelege marmor- og bronseverka og relieffa. Fleire gipsmodellar er stilt ut i museet. Originalane kan ein i dag sjå i museum, kyrkjer og andre stader rundt om i verda. Museet eig ei lang rekke måleri, antikkar, erotika, teikningar og grafikk, som Thorvaldsen samla, og ei rekke gjenstandar, som Thorvaldsen brukte i arbeidet sitt og i kvardagen.

Kunstverk i samlingaEndra

  • Jason med det gylne skinn 1803–1828, statue[3][3] ;
  • Ganymedes med Jupiters ørn av Bertel Thorvaldsen, groupe, 1817[4] ;
  • Les trois Grâces avec Cupidon, groupe, 1817-1818[3] ;
  • Cupidon et Psyché, groupe ;
  • Berger au chien, 1800, groupe[3] ;
  • Hébe, 1806[3] ;
  • La Nuit avec ses enfants par Bertel Thorvaldsen, Le Sommeil et la Mort, 1815 ;
  • Vénus med eplet (ou Vénus Victrix), 1805[5]

DirektørarEndra

ReferansarEndra

  1. Fredningssag:Thorvaldsens Museum frå Kulturstyrelsen
  2. Peder Bundgaard: København - du har alt (s.120), forlaget Borgen, København 1996, ISBN 87-21-00499-4
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Ouvrir diaporama sur les sculptures classiques
  4. [1]
  5. [2]

BakgrunnsstoffEndra

  Bertel Thorvaldsens Plads 2, 1213 København K

Koordinatar: 55°40′36″N 12°34′42″E