Slovakisk paradis

(Omdirigert frå Slovakisk Paradis)
Slovakisk paradis, Stratenská píla
Kart over kløftene i Slovakisk paradis

Slovakisk paradis (slovakisk Slovenský raj) er ei fjellkjede sentralt i Slovakia. Ho er ein del av Spiš-Gemer Karst, som gijen høyrer til fjella Slovenské rudohorie i Karpatane.

Fjellkjeda ligg mellom byane Spišská Nová Ves i nord og Dobšiná i sør. Ho er særleg kjend for dei mange kløftene og fossefalla.

Området er verna som ein del av Slovakisk paradis nasjonalpark (Národný park Slovenský raj).

KjenneteiknEndra

Slovakisk paradis er eit høgt platå (800 - 1000 moh). Det høgaste fjellet er Ondrejisko på 1270 moh. Området består av karstformasjonar av kalkstein og dolomitt.

Området har mange kløfter og raviner (Sokol, Suchá, Belá, Piecky og Kyseľ), som dannar vakre landskap med fossefall, hovudsakleg langs elvane Hnilec og Hornád. 80 % av området er dekt av gran, samt noko barlind.

Tidlegare var det mange busetjingar for tømmerhoggarar, kolgruvearbeidarar og smelteiarbeidarar i Slovenský raj, før desse stadane vart omgjort til turistsenter, som Dobšinská Maša, Dedinky, Mlynky og Stratená.

DyrelivEndra

 
Fossekall i Slovenský raj.

Nokre av dyra som lever her er brunbjørn, kongeørn, tårnfalk og svartstork, men desse er forholdsvis sjeldne. Meir vanlege er kronhjort og villsvin.

PlantelivEndra

Fleire endemiske planter veks i området, som karpatisk blåklokke (Campanula carpatica), Pulsatilla slavica, Hesperis silvestris, Liguria sibirica og Saxifraga paniculate.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Slovakisk paradis

Koordinatar: 48°55′N 20°25′E