Blåklokke (Campanula rotundifolia ) er ein fleirårig opptil 10-15 cm høg plante i klokkeslekta i klokkefamilien. Ho vert også kalla småklokke.[1]

Blåklokke
Blåklokke
Blåklokke
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Klokkefamilien Campanulaceae
Underfamilie: Campanuloideae
Slekt: Klokkeslekta Campanula
Art: Blåklokke C. rotundifolia
Vitskapleg namn
Campanula rotundifolia

Blåklokka har små nyre- eller hjarteforma grunnblad, som vert danna det første leveåret til planten, og lange, smale stengelblad. Stengelen er snau eller lett håra nedst. Namnet «rotundifolia» tyder 'runde blad' , og viser til grunnblada. I fjellet har blåklokka ei stor blå blomsterklokke, vel 2 cm lang, i låglandet kan ho ha fleire, men mindre, blomstrar. I sjeldne tilfelle kan blomsterklokka vere kvit.

Blåklokke veks i open skog, på tørre bakkar, på slåtteeng og beitemark. Utbreiinga er sirkumboreal og sirkumpolar.

Blåklokker i Noreg.

I Noreg er blåklokka vanleg over heile landet, underarten grøoenlandica veks opp til 2060 moh. i Lom kommune. På Svalbard er ho funnen ved Colesbukta.

Planten er blant dei vanlegaste blomsterplantane i Noreg, og samstundes fell han lett i augo. Difor har han ein sterk kulturell posisjon. Mest kjend er songen «Blåklokkevikua» av Alf Prøysen.

Kjelder

endre
  1. «blåklokke Campanula rotundifolia L.». Artsdatabanken. Henta 26. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Blåklokke