Opna hovudmenyen

UtsjånadEndra

Tårnfalken er ein middelsstor falk med ein lang stjert og lange vengar som er smale ved kroppen. Forma på fuglen minner om sporvehauken. Tårnfalkane av den europeiske underarten har gjennomsnittlege lengder på 34,5 cm for hannen og 36 cm for hoa. Tala for vengespennet er 75 cm for hannen og 76 cm for hoa. Vekta på hannane er kring 200 gram, og hoene veg kring 220 gram.

På ryggen og dei øvre vengedekkfjørene er tårnfalkane lyst raudbrune med svarte flekkar og svarte dekkfjør. På undersida er fuglane spraglete og lyse, under buken er dei lyst beige og under vengane meir grå. Nebben er bøygd på falkevis, gul ved rota og mørk elles. Fuglen har ein noko mørk falkemustasje, auga er svarte og ramma inn med gult, føtene er gule med svarte klør. Stjerten har eit mørkt band i bakkanten, med eit smalt kvitt band heilt på enden. Den vaksne hannen har grått hovud og ein grå overgump og stjert. Hoa har rustbrunt hovud, grå spraglete overgump og ein stjert med strekar på langs, i fargane svart og rustbrunt. Undersida av stjerten har også svarte strekar på langs. Ungfuglane liknar hoene, men er meir gulraude på oversida og har breiare og meir diffuse strekar på brystet og litt meir lyst på vengedekkfjørene.

LæteEndra

Det vanlegaste lætet er ei kjapp ramse: ki-ki-ki-ki. Dette vert brukt som varsellæte. Ungfuglane og hoa tiggar med eit oppatteke og drillande kirrl, kirrl.

UtbreiingEndra

Tårnfalken finst utbreidd over det meste av Europa, Asia og delar av Afrika. Arten vert delt opp i eit titals underartar. I Europa lever underarten F. t. tinnunculus.

Førekomst i NoregEndra

Tårnfalken hekkar over det meste av landet, med hovudtyngda i Sør-Noreg. Arten varierer mykje med smågnagarane. Dei sikraste førekomstane er knytt til kysten og bjørkebeltet til fjells.

HekkingEndra

 
Tårnfalkegg.

Reiret vert gjerne lagt i ture solvarme bergveggar, og helst der det er vegetasjonsrike hyller. Reiret ligg godt gøymd i eit holrom eller i ein bergsprekk, ofte bakom ein einer eller ei tue med geitrams. I skog vel paret seg gjerne gamle kråkereir. I blant kan avstanden vere kort mellom to tårnfalkreir i bruk. Egga vert lagde kring månadsskiftet mai-juni, og ruga i 27-31 døgn. Ungane flyg etter 25-27 døgn, og held seg ved reiret enno to veker etter det.

Truleg hekkar 2000-4000 par i Noreg, mindre i dårlege år. I det nittande hundreåret var arten meir talrik enn no.

Tårnfalk
Namn på andre språk
SvenskTornfalk
DanskTårnfalk
EngelskKestrel, Common Kestrel
TyskTurmfalke
FranskFaucon crécerelle
SpanskCernícalo común
RussiskPustelga (Пустельга), obyknovennaja pustelga (обыкновенная пустельга)

FødeEndra

Tårnfalken lever mest av mus og andre smågnagarar, men også ein del insekt. Synet er skarpt, og fuglen står gjerne flaksande i lufta mot vinden utan å flytte seg i høve til terrenget under når han jaktar over ope lende. Fire til åtte smågnagarar for dag er eit typisk matinntak. Fuglane kan også hamstre.

TrekktilhøveEndra

Tårnfalken er trekkfugl og held seg i Noreg frå april til oktober. Vinterkvartera ligg i Vest-Europa frå Danmark til Spania. Nokre få overvintrar i Sør-Noreg i gode smågnagarår.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra