Småsil
Småsil
Småsil
Status
Status i verda: Datamangel
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Trachinoidei
Familie: Silfamilien Ammodytidae
Slekt: Ammodytes
Art: Småsil A. tobianus
Vitskapleg namn
Ammodytes tobianus

Småsil (Ammodytes tobianus) er ein fisk i silfamilien. Han har ein lang, tynn kropp, og er noko flat frå sidene. Fisken kan bli opptil 20 cm lang, og er dermed kortare enn havsil. Dei to liknar elles mykje. Småsil har framskytbar munn og skjel som ligg i folder i huda.[1]

Utbreiing endre

Småsil er utbreidd frå Portugal i sør til Island og den vestlege delen av kysten av Murmansk. Fisken er svært vanleg i Nordsjøen, der viktigaste gytefelta ligg. I Noreg er småsilen vanleg langs kysten nord til Stad og vidare meir spreidd til Finnmark. Ein må rekne med at det føregår gyting langs heile kysten, ettersom det er påvist yngel til aust av Vardø. Arten finst hovudsakleg i litoralsona ned til ca. 30 m djupne.[1]

Levesett endre

Småsil grev seg ned i sanden om natta, og når det er fare på ferde. Om dagen trekk han opp i vassmassane på jakt etter føde. Denne består i stor grad av planktoniske krepsdyr, men han et også egg og yngel av fiskar, også av sin eigen art. I Nordsjøen opptrer det lokalt store konsentrasjoner av sil på grunn av tidvasstraumene. Disse straumane samlar og fører med seg store mengder plankton som silane beitar på.

Gyteperioden varierer med geografi. I Den engelske kanalen finn han stad på haustparten, i Nordsjøen midtvinters, ved Island på ettervinteren, og i Austersjøen synest bestanden å vera delt i ein vår- og ein haustgytande bestand. Eggene er ovalt pæreforma og blir gyta på sandbotn, der kvart enkelt egg fester seg til eit sandkorn. Normal klekkingstid er ca. 10 døgn, men nyklekte sillarvar kan dukka opp over ein periode på mange månader. Ein meiner at dette kjem av at mange av silegga blir dekte av sand på grunn av lokale bunnstraumsforhold, og at det då førekjem ein «dvaleperiode» i eggutviklinga. Normal utviklingshastighet byrjer att når egga kjem opp til botnoverflaten igjen. Hjå dei haustgytande silane i Oslofjorden blir eggane liggjande over vinteren før dei klekker.

Økonomisk tyding endre

Det kommersielle fisket etter sil var tidlegare lite, og silen ble sett på som ein plage under fiske etter andre artar i Nordsjøen. Danske snurrevadsfiskarar kjente likevel godt til dei lokale vandringane og tilhaldsstadene til silen, noko dei nytta i fisket etter m.a. flyndre og torsk. Sil er nemleg eit viktig ledd i næringskjeda i havet, ettersom både egg, larver og vaksen sil er viktig føde for torsk, flyndre, makrell og fleire andre artar. Også for sjøfuglar er sil viktig mat, bl.a. for lunde. I seinare år har sil fått sterkt aukande tyding som industrifisk, dvs. som grunnlag for produksjon av fiskemjøl og olje, dels som følgje av nedgang i bestandane av tradisjonelle artar som sild og makrell. Danskar og tyskarar har ført an i silfisket, og det er kalkulert at det enkelte år i løpet av dei få månadane silfisket i Nordsjøen varer, tek ein 40 milliardar individ.

Andre norske namn endre

  • Kvitsil
  • Sandgrevling
  • Tobis

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Vøllestad, Asbjørn (21. desember 2021). «småsil». Store norske leksikon (på norsk bokmål).