Småtviblad
Småtviblad | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Neottia | ||
Art: | N. cordata | ||
Vitskapleg namn | |||
Neottia cordata
(Linné) Rich.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | skog | ||
Utbreiing: | nordlege halvkule |
Småtviblad (Neottia cordata) er ei plante i fuglereirslekta Neottia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Utsjånad
endreSmåtviblad er ein ganske liten orkidé som blir opptil 15 centimeter høg, med to små, hjarteforma blad nedst på stengelen. Dei raudbrune blomane sit i eit lite aks.
Systematikk
endreTidlegare var småtviblad knytta til tvibladslekta Listera med namnet Listera cordata, men nyare genetisk forsking har synt at arten skal innlemmast i slekta Neottia, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]
Utbreiing
endreSmåtviblad er ikkje like avhengig av kalk som den nære slektningen stortviblad. Han veks i skog og fjell over det meste av landet.[5] I raudlistevurderinga 2021 har arten status som livskraftig (LC).[6]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn spindelblomster),[7] i Danmark (LC, dansk namn hjertebladet fliglæbe),[8] i Finland (LC, finsk namn herttakaksikko),[9] på Færøyane (VU, færøysk namn hjartatvíbløðka),[10][11] på Island (LC, islandsk namn hjartatvíblaðka)[12][13] og på Grønland (LC, grønlandsk namn uummataasaaqqat).[14]
Småtviblad (engelsk namn lesser twayblade) er vanleg på Dei britiske øyane, mest i nord. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[15][16] på same måte som lokalt i England og Wales,[17][18] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[19]
I Estland (estisk namn väike käopõll) veks småtviblad spreidd over det meste av landet og er rekna som sårbar (VU).[20] I Latvia (latvisk namn sirdsveida divlape)[21] veks arten spreidd i fuktig barskog og blandingsskog og er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[22] I Litauen (litauisk namn širdinė dviguonė) veks arten i vest og heilt i aust. Han er rekna som sårbar (VU).[23][24]
I Benelux finst arten (nederlandsk namn kleine keverorchis, fransk namn listère cordée) på nokre av Dei vestfrisiske øyane i Nederland, men manglar i Belgia og Luxembourg.[25] I den nederlandske raudlista er arten rekna som nær truga (NT, gevoelig).[26]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar småtviblad». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre småtviblad». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022.
- ↑ Richard M. Bateman mfl. (2005). «Phylogenetics: Neottieae». I Alec M. Pridgeon mfl. Genera Orchidacearum Volume 4: Epidendroideae 1. Oxford: Oxford University Press. s. 481–495. ISBN 9780198507123.
- ↑ Richard M. Bateman (2009). «Evolutionary classification of European orchids: the crucial importance of maximising explicit evidence and minimising authoritarian speculation» (PDF). Journal Europäischer Orchideen 41 (2): 243–318. ISSN 0945-7909.
- ↑ «Artskart: Småtviblad, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022.
- ↑ «Raudlista: Småtviblad». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022.
- ↑ «Artfakta: Neottia cordata spindelblomster». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Hjertebladet Fliglæbe Neottia cordata». Naturbasen. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Neottia cordata». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022.
- ↑ Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn.
- ↑ Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2.
- ↑ «Hjartatvíblaðka (Listera cordata)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023.
- ↑ «Neottia cordata». Global Biodiversity Information Facility. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 6. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Neottia cordata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: sirdsveida divlape» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 82-83. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 411. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Neottia cordata». FLORON. Henta 20. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) småtviblad hos Artsdatabanken
- (en) småtviblad i Encyclopedia of Life
- (en) småtviblad i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) småtviblad hos Dyntaxa
- (en) småtviblad hos ITIS
- (en) småtviblad hos NCBI
- (en) småtviblad hos The International Plant Names Index
- (en) Kategori:Neottia cordata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Neottia cordata – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Neottia cordata – detaljert informasjon på Wikispecies