Smila (ukrainsk Смiла, russisk Смела, Smela) er ein by ved elva Tjasmyn i Tsjerkasy oblast sentralt i Ukraina. Byen er eit eige rajon (distrikt) i oblastet, samt det administrative senteret i Smila rajon. Han ligg 23 km frå Tsjerkasy. Smila har kring 70 000 innbyggjarar (2011).

Smila
Сміла, Смела, Smela
by
Elva Tjasmyn i Smila
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Tsjerkasy oblast
Rajon Smila rajon
Høgd 101 moh.
Koordinatar 49°12′42″N 31°52′23″E / 49.21167°N 31.87306°E / 49.21167; 31.87306
Areal 39,85 km²
Folketal 68 520  (2011)
Folketettleik 1 719 / km²
Grunnlagd 1542
 - Bystatus 1926
Borgarmeister Kolesnyk Andrij Valerijovytsj
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 20700
Retningsnummer +380 4733
Kart
Smila
49°13′00″N 31°52′00″E / 49.216666666667°N 31.866666666667°E / 49.216666666667; 31.866666666667
Wikimedia Commons: Smila
Nettstad: www.smila.ck.ua

Historie endre

I følgje ei segn hjelpte ei lokal jente hæren til Kiev-riket til baktroppen til Den gylne horden. Fienden vart slått, men jenta vart drepen av ei av pilene deira. Ingen kjende namnet hennar, så kolonien som seinare vart grunlagd på staden fekk namnet Smila, som på ukrainsk tyder modig jente, til minne om jenta.

Busetnaden vart først nemnd på 1500-talet som ein del av Det polsk-litauiske samveldet. I 1648–54 var Smila ein skvadronby i Tsjyhyryn regiment hos kosakkane. I 1773 fekk byen Magdeburgrettar og i 1795 vart han ein del av Det russiske imperiet.

Smila utvikla seg raskt då jernbanen kom hit i 1876, men på 1900-talet vart han hard råka fleire gonger: først under første verdskrigen, den ukrainske svolten i 1932–33 (Holodomor) og under andre verdskrigen. Økonomiske nedgangstider etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1990-åra gjorde at den industrielle produkskjonen i Smila fall med over 70 % og meir enn 10 % av innbyggjarane flytta.

Økonomi endre

Hovudnæringa i byen er maskinbygging og matindustri.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Smila, Ukraine» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
  • (1972) Історіа мicт i ciл Укpaїнcькoї CCP - Черкаськa область (History of Towns and Landsbyar of the Ukrainske SSR - Tsjerkasy oblast), Kiev. (ukrainsk)

Bakgrunnsstoff endre