Snømus

pattedyrart
Snømus
Snømus
Snømus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Snømus
Utbreiinga av Snømus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Overfamilie: Musteloidea
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Underfamilie: Mustelinae
Slekt: Mustela
Art: Snømus M. nivalis
Vitskapleg namn
Mustela nivalis

Snømus (Mustela nivalis) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Han held til på den nordlege halvkula i tempererte, subarktiske og arktiske område. Utbreiinga og levesettet er elles mykje likt den større slektningen røyskatt. Snømusa finst i heile Noreg og held gjerne til i steingardar, under løer, fjøs og seterbygningar. Snømusa spesialiserer seg på jakt på smågnagarar, og særleg mus.

Vaksne hannar av snømus er 19-23 cm lange og hoer 17-18 cm, dei veg høvesvis 40-100 og 20-40 gram.

Den nordamerikanske snømusa vart tidlegare klassifisert som eigen art med det latinske namnet Mustela rixosa, men ein reknar i dag den nordamerikanske snømusa som same art som den europeiske.

Snømus på vakt.

Av utsjånad kan snømusa forvekslast med den nærskylde røyskatten (lat. Mustela erminea), men snømusa er mindre og har ein kortare hale som er kvit om vinteren.

Snømusa kan bli 7–10 år gammal.

Utbreiing endre

I Noreg er snømusa vanleg over heile landet.

Røyskatten er òg utbreidd over store delar av Europa. Historisk sett har snømusa sitt søraustlegaste kjente utbreiingspunkt i Israel.

Snømusa i kulturen endre

Ein finn truleg snømusa i Bibelen/Tanákh. Det hebraiske ordet חֽוֹלֶד ['ḥōled] (m.) eller חֻלְדָּה [ḥul'dā] (f.) tyder truleg ‘snømus’. Ḥuldá er namnet på ein av dei sju kvinnelege profetane i jødedommen, og historia om Ḥuldá sitt profeti finst i 2. krønikebok 34:22–28 og i 2. kongebok 22:14–20.

I europeiske litteratur frå antikken og mellomalderen er snømusa ofte blitt framheva som det einaste som kan drepa ein basilisk, i ein kamp der ho sjølv også vil bli drepen. Plinius den eldre gjev den eldste kjende redegjeringa for dette i Naturalis Historia.[1]

I engelskspråkleg skjønnlitteratur frå Dei britiske øyane viser ordet weasel normalt til snømusa. Dette gjeld til dømes dei småskumle «weasels» i Wind in the willows såvel som hovudrolleinnehavaren i barnerimet «Pop goes the weasel».

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Pliny the Elder. «Natural Historia, book 8, par. 33.». Perseus at Tufts University. Henta 3. juni 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snømus
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.