Opna hovudmenyen
Snikekattfamilien
Viverrids mosaic.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Snikekattfamilien Viverridae
Gray, 1821

Snikekattfamilien (Viverridae) er ei gruppe mår- og katteliknande rovpattedyr som hovudsakleg lever i Europa, Afrika og Asia, medrekna Indonesia og Filippinane.

SkildringEndra

Snikekattane har spiss og relativt lang snute og ein kortbeint, langstrekt kropp. Vekta varierer frå litt under 1 til over 14 kg, og kroppslengda, målt frå snute til halerot, ligg i området 30-100 cm. Halen er moderat lang og kjem i tillegg. Dei fleste artane har anten striper, flekker eller ringmønster. Dei har levevis som minner om det til dyr i mårfamilien, og er stort sett nattaktive jegerar som jaktar små virveldyr, insekt og virvellause dyr. Nokre snikekattar er reine kjøttetarar, andre et også frukt og røter. Dei fleste artane lever i trea, men nokre få held også til på bakken. Mårbjørn er den einaste arten med gripehale.

Dyra har godt utvikla syn, høyrsle og luktesans. Alle snikekattane utsonder ei særprega moskuslukt frå spesielle kjertlar.

FylogeniEndra

AnetreEndra

Anetreet følgjer Yoder m. fl. (2003).[1]

Feliformia 

(andre katteliknande dyr)




Viverridae (snikekattar)




Hyaenidae (hyenar)




Herpestidae (mungoar)




Eupleridae (gassiske snikekattar)







SystematikkEndra

KjelderEndra

  1. Yoder, AD; Burns, A.D.; Zehr, M.M.; Delefosse, S.; Veron, T.; Goodman, G.; Flynn, S.M. (2003). Single origin of Malagasy Carnivora from an African ancestor (PDF). Nature 421 (6924): 734–737. doi:10.1038/nature01303. PMID 12610623.