Katteliknande rovpattedyr
Katteliknande rovpattedyr (Feliformia) er ein underorden innan ordenen rovpattedyr med omtrent 130 artar. Dei er systergruppa til hundeliknande rovpattedyr (Caniformia) og omfattar, i tillegg til kattefamilien (Felidae) som den største gruppa, fleire andre familiar.
Katteliknande rovpattedyr | |
Frå øverst til venstre, med urviseren: fossa (gassiske snikekattar), leopard (kattefamilien), Urva vitticolla, utan norsk namn (mungofamilien), afrikasivett (snikekattfamilien), leopardmår (leopardmårfamilien), flekkhyene (hyenefamilien) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Laurasiatheria |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Katteliknande rovpattedyr Feliformia Kretzoi, 1945 |
Kjenneteikn
endreKatteliknande rovpattedyr har vanlegvis kortare, men kraftigare hovudskallar enn hundeliknande rovpattedyr. Hjørnetennene er betre utvikla, og talet på jekslar er reduserte.
Historie og systematikk
endreBlant dei katteliknande rovpattedyra kan ein spore slekta Pappictidopis frå Shanghuan-formasjonen i Kina, og dessutan slektene Pristinictis og Ravenictis funnet i Canada, allereie frå tidleg paleocen. Tilhøyrselen til dei katteliknande rovpattedyra blir her fastslått på grunnlag av reduksjonen i talet på jekslar til to.
Blant dei utdøydde katteliknande rovpattedyra, som ikkje blir rekna med i kattefamilien, finn vi spesielt falske sabeltannkattar og Barbourofelidae. Begge gruppene liknar på sabeltannkattar, sjølv om desse tilhøyrer kattefamilien. Dei eldste ekte kattane tilhøyrde den omtrent ozelot-store slekta Proailurus, som levde for rundt 30 millionar år sidan i oligocen og tidleg miocen i Europa.
Berre kattefamilien, falske sabeltannkattar, Barbourofelidae og hyenane (den no utdøydde slekta Chasmaporthetes) nådde det amerikanske kontinentet blant dei katteliknande rovpattedyra. Alle andre katteliknande rovpattedyr vart verande i «den gamle verda».
Systematikken for katteliknande rovpattedyr, og særleg klassifiseringa av enkelte grupper, har variert over tid. Ifølgje dagens forståing omfattar gruppa følgjande nolevande familiar:
- Leopardmår (Nandiniidae), éi slekt med éin art
- Kattedyr (Felidae), 13 slekter med 45 artar
- Linsangar (Prionodontidae), éi slekt med to artar
- Snikekattar (Viverridae), 14 slekter med 35 artar
- Hyenar (Hyaenidae), fire slekter med fire artar
- Mungofamilien (Herpestidae), 15 slekter med 34 artar
- Gassiske snikekattar (Eupleridae), sju slekter med ni artar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Katzenartige» frå Wikipedia på tysk, den 8. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
- Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (Hrsg.): Handbook of the Mammals of the World. Band 1: Carnivores. Lynx Edicions, 2009, ISBN 978-84-96553-49-1.
- Don E. Wilson, D. M. Reeder: Mammal Species of the World. Johns Hopkins University Press, 2005, ISBN 0-8018-8221-4.
- Thomas S. Kemp: The Origin & Evolution of Mammals. Oxford University Press, Oxford 2005, ISBN 0-19-850761-5.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Feliformia hos Artsdatabanken
- (en) Feliformia – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Feliformia i Encyclopedia of Life
- (en) Feliformia hos Fauna Europaea
- (en) Feliformia hos Fossilworks
- (en) Feliformia hos ITIS
- (en) Feliformia hos NCBI
- (en) Kategori:Feliformia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Feliformia – detaljert informasjon på Wikispecies