Opna hovudmenyen
Younger Than Yesterday
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 6. februar 1967
Innspelt 28. november – 8. desember 1966
Studio Columbia Studios, Hollywood, CA[1]
Sjanger
Lengd 29:11
Selskap Columbia
Produsent Gary Usher
The Byrds-kronologi
Fifth Dimension
(1966)
Younger Than Yesterday The Byrds' Greatest Hits
(1967)


Singlar frå Younger Than Yesterday
  1. «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»
    Utgjeve: 9. januar 1967
  2. «My Back Pages»
    Utgjeve: 13. mars 1967
  3. «Have You Seen Her Face»
    Utgjeve: 22. mai 1967

Younger Than Yesterday er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut 6. februar 1967 på Columbia Records.[2][3] Bandet blanda inn element av psykedelisk rock, noko dei hadde starta med på det førre albumet sitt.[3][4] I tillegg hadde bandet og produsenten Gary Usher byrja å eksperimentere med blåseinstrument, baklengseffektar og elektroniske oscillatorar.[5] Det var òg første gangen bassisten i bandet, Chris Hillman, skreiv songar for bandet.[6] Før Younger Than Yesterday hadde Hillman berre vore medlåtskrivar på ein song med The Byrds, men på dette albumet var han den einaste låtskrivaren på fire songar, og var medlåtskrivar på «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star».[5] To av songane til Hillman på albumet drog i retning av country og vart tidlege peikepinnar på countryrock-retninga bandet tok på seinare album.[6]

Tittelen på Younger Than Yesterday kjem frå teksten til «My Back Pages», ein song av Bob Dylan som bandet spelte på albumet.[7]

Younger Than Yesterday nådde 24. plassen på den amerikanske albumlista og 37. plass på den britiske lista.[8][9] Den første singelen frå albumet var «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» i januar 1967 og han nådde Topp 30 på Billboard Hot 100 i USA.[10] To andre singlar, «My Back Pages» og «Have You Seen Her Face», gjorde det òg forholdsvis bra på singellista.[10] Ingen av singlane frå albumet gjekk inn på lista i Storbritannia.[9] Musikkskribentane Richie Unterberger og David Fricke har begge sagt at sjølv om albumet selde forholdsvis dårleg då det kom ut, har det stått sterkt hos kritikarane i løpet av åra og vert i dag rekna som eit av dei beste albuma deira.[3][11]

BakgrunnEndra

The Byrds hadde slått gjennom internasjonalt i midten av 1965 då folkrocktolkingane deira av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» gjekk til topps både på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og UK Singles Chart.[9][10][12] Dei fekk meir kommersiell suksess då bandet gav ut to hitalbum og nåde toppen av singellista i USA for andre gongen med ein coverversjon av Pete Seeger sin «Turn! Turn! Turn! (to Everything There is a Season)».[12] Gjennom siste halvdel av 1965 vart bandet særs populært blant tenåringane og musikken deira vart mykje spelt på radio.[13] Tidleg i 1966 slutta den viktigaste låtskrivaren til The Byrds, Gene Clark, bandet, og det var opp til Jim McGuinn, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke å fullføre det tredje albumet deira, Fifth Dimension.[12]Fifth Dimension kom ut fekk det middels kritikk og selde dårlegare enn dei to tidlegare albuma.[14] Populariteten til The Byrds var derfor dalande seint i 1966 og dei var stort sett gått i gløymeboka til det store poppublikummet.[15]

Kort tid etter utgjevinga av Fifth Dimension var The Byrds utan plateprodusent, då Allen Stanton, som hadde arbeidd med dei på det albumet, slutta i Columbia Records til fordel for A&M.[16] Bandet valte å erstatte Stanton med Gary Usher, som tidlegare hadde vore låtskrivarpartnar med Brian Wilson i The Beach Boys, og som nyleg hadde produsert det første soloalbumet til Gene Clark, Gene Clark with the Gosdin Brothers.[16][17] I tillegg til å produsere innspelingane for Younger Than Yesterday, kom Usher til å produsere dei to neste albuma deira òg.[18] Biografiforfattaren til The Byrds, Johnny Rogan, sa at den store produksjonserfaringa til Usher og kjærleiken hans for innovative studioeksperiment vart uvurderleg for gruppa då dei gjekk inn i den mest kreativt dristige fasen sin.[16] Forfattaren David N. Howard skreiv at trass i dei mange stilane og sjangrane på Younger Than Yesterday, så gjorde studioekspertisen til Usher albumet imponerande konsistent.[18]

Etter ein intens periode med øving i hovudkvarteret deira på Sunset Boulevard,[19] spelte The Byrds inn heile Younger Than Yesterday i Columbia Studios i Hollywood i løpet av elleve hektiske dagar, frå 28. november til 8. desember 1966.[1][11] Den originale arbeidstittelen på albumet var Sanctuary, men til slutt vart dette droppa til fordel for tittelen som var inspirert av ei linje frå Bob Dylan-songen «My Back Pages»:[11][7]

Ah, but I was so much older then,
I'm younger than that now.[20]

Sjølv om Clark hadde slutta The Byrds før innspelinga av Fifth Dimension var over, deltok han i innspelinga av songane «Eight Miles High» og «Captain Soul» på det albumet.[21] Younger Than Yesterday er derfor det første albumet deira heilt utan Clark.[22] Som på Fifth Dimension, fortette gitaristane McGuinn og Crosby å skrive songar for å fylle tomrommet etter Clark.[23]

Men den mest overraskande utviklinga i The Byrds på denne tida var at bassisten Chris Hillman steig fram som både solovokalist og den tredje låtskrivaren i bandet.[6] Før innspelinga av Younger Than Yesterday hadde Hillman aldri unge solovokal på ei Byrds-innspeling, og den einaste songen han hadde medverka til som låtskrivar var den instrumentale «Captain Soul» som heile bandet skreiv.[21] På dette albumet var han den einaste låtskrivaren på «Have You Seen Her Face», «Time Between», «Thoughts and Words» og «The Girl with No Name», og han song sjølv på desse fire songane.[5][6] Hillman var òg medlåtskrivar på «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», som han syng i lag med McGuinn og Crosby.[5]

MusikkEndra

 
Jazzmusikaren Hugh Masekela spelte trompetsoloen på songen «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star».

Younger Than Yesterday utvida The Byrds musikkstilen sin i forskjellige retningar. Musikkritikaren John Harris har skildra albumet som The Byrds si «vestkystifiserte utgåve av Revolver-estetikken», med referanse til The Beatles-albumet frå 1966.[24] Chris Hillman medverka med to countryrock-aktige songar med «Time Between» og «The Girl with No Name», sistnemnde inspirert av ei ung kvinne med det uvanlege aukenamnet Girl Freiberg.[6][25] «Time Between» var derimot ein Paul McCartney-aktig popsong og resultatet av det første forsøket til Hillman på å skrive ein song på eiga hand.[1] Begge songane hadde ein country-aktig gitar spelt av studiomusikaren Clarence White, som vart fullt medlem av The Byrd frå 1968 til 1973.[26] Byrds-eksperten Tim Connors meinte at popcountrystilen på «Time Between» og «The Girl with No Name» — som «Mr. Spaceman» frå det førre albumet[27] — indikerte countryinnspelingane på dei påfølgjande albuma til The Byrds.[6]

I tillegg til desse to countryaktige songane, bidrog Hillman med den LSD-aktige «Thoughts and Words», ein metafysisk meditasjon om menneskelege forhold med ein sitar-liknande lyd skapt av ein baklengs gitareffekt.[25] Ein fjerde Hillman-song på albumet var ein song inspirert av den britiske bølgja kalla «Have You Seen Her Face», som vart rekna som kommersiell nok til å bli gjeven ut på singel i USA nokre månader etter albumet kom ut.[11][25] Tim Connors skreiv på nettsida si Byrdwatcher at desse fire melodiane med romantiske tema førte med seg element til albumet som hadde mangla sidan Clark slutta i bandet.[5][6]

Hillman var òg medlåtskrivar på opningssporet på albumet, «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star». Med ein satirisk og sarkastisk tekst var songen eit bittert, men godmodig slag mot suksessen til fabrikkerte popband som The Monkees.[6] Connors skreiv at «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» er òg ironisk fordi visse delar av opphavet til The Byrds òg var fabrikkert, sidan trommeslagaren Michael Clarke først vart henta inn i bandet på grunn av utsjånaden sin, og ikkje musikaliteten.[6] På grunn av dette har musikkskribenten David Fricke sat at somme fans mistolka «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» som ein sjølvbiografisk song.[11] Den drivande basslinja til Hillman og gitarriffet til McGuinn, spelt på ein 12-strengs Rickenbackergitar, dannar kjernen i songen, og songen vart avrunda av lyden frå skrikande fans, spelt inn under ein Byrds-konsert i Bournemouth under den engelske turneen til bandet i 1965.[6][28] Den sørafrikanske jazzmusikaren Hugh Masekela spelte trompetsoloen i songen. Det var første gongen Byrds brukte blåsarar på ei innspeling.[5][6] Masekela og The Byrds framførte seinare «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» i lag på Monterey Pop Festival den 17. juni 1967.[29]

McGuinn og Crosby sine songar, skrivne både i lag og kvar for seg, fortsette jazz- og psykedeliatrenden frå det førre albumet. Songen «C.T.A.-102», kalla opp etter kvasaren CTA-102 og skriven av McGuinn og den science-fiction-innstilte venen Bob Hippard, var ein underleg, men seriøs song som spekulerte i om det fanst intelligent utanomjordisk liv.[25] McGuinn forklarte inspirasjonen til songen i eit intervju i 1973 med magasinet ZigZag: «Då eg skreiv songen trudde eg det var mogeleg å få kontakt med kvasarar, men fann seinare ut at dei var stjerner som imploderer i ein enorm snøggleik. Dei kondenserer og spinn rundt samstundes, og kjernen sender ut enorme mengder stråling, mellom anna elektroniske pulsar det er mogeleg å høyre med radioteleskop. Dei kjem i rytmiske mønster og opphavleg trudde radioastronomar som fanga desse signala at dei kunne vere frå livsformer i rommet.»[30] Sjølv om den tidlegare songen «Mr. Spaceman» hadde eit liknande tema, var «C.T.A.-102» eit noko meir seriøst forsøk på å omhandle temaet, med hjelp av mange lydeffektar i studio, simulerte stemmer frå romvesen og lyden av ein elektronisk oscillator.[5][30]

Låtskrivinga til Crosby utvikla seg òg raskt og Fricke omtalte «Renaissance Fair» (skriven i lag med McGuinn) som eit døme på at tekstane og låtskrivinga vart stadig meir tankefull.[11] Songen var inspirert av ei vitjing til Renaissance Pleasure Faire of Southern California[1] og Connors har skildra den draumeliknande mellomalderstemninga som ein tematisk føregangar til den seinare Crosbysongen «Guinnevere».[6] Fricke har òg hylla det instrumentale samspelet mellom «kyrkjeklokkeklangen» i gitarane til Crosby og McGuinn og den melodiske, hoppande bassen til Hillman, og skildra songen som «ei strålande levandegjering av ein mellomalderfestival, og i forlenginga den sensuelle idealismen i hippiedraumen».[11] Bruce Eder prøvde å oppsummere kor relevant songen var i dag for AllMusic med å sei at han var «ein høvessong like mykje knytt til hendingar på den tida som Buffalo Springfield sin 'For What It's Worth'».[31] I tillegg skildra Eder «Renaissance Fair» som «ei perfekt blanding av den opphavlege, elektriske folkemusikken deira og ei nyare, meir kontemporær musikkform, nesten hippie-folk-musikk.»[31]

Ein annan Crosby-song på albumet var den mørke, jazzaktige «Everybody's Been Burned». Det er ein melankolsk refleksjon om trongen til å finne ein balanse mellom desillusjon og resolutt uthald i eit forhold.[3][25] Sjølv om songen av mange kritikarar vart rekna som eit musikalsk sofistikert sprang i musikken deira, vart han i røynda skriven i 1962, to år før The Byrds vart skipa.[5][6] Crosby skreiv opphavleg songen som ein sentimental kjærleikssong og hadde spelt inn ein demo av songen så tidleg som i 1963.[6][32] Ei akustisk innspeling av songen av Crosby frå tida før The Byrds kom omsider ut på samlealbumet Preflyte Plus i 2012.[33] Forfattaren Johnny Rogan skreiv at Byrds-utgåva av songen er ein av dei beste vokalprestasjonane til Crosby og har ein av dei mest stemningsfylte gitarsoloane til McGuinn,[25] medan kritikaren Thomas Ward skildra det som «ein av dei mest stemningsskapande songane i heile Byrds-katalogen og ein av dei beste songane til David Crosby».[34]

Crosby sine ambisjonar om kunstnarisk kontroll i bandet auka i takt med at han skreiv betre songar, og kranglinga som følgde førte til slutt til at han fekk sparken frå gruppa under innspelinga av det neste albumet deira, The Notorious Byrd Brothers.[11] Ei anna sak som gjorde Crosby misnøgd under innspelinga av Younger Than Yesterday var knytt til Bob Dylan-songen «My Back Pages».[1] Songen var blitt føreslått som ein høvande song for The Byrd av manageren Jim Dickson, men sidan det var den fjerde songen dei spelte frå Dylan-albumet Another Side of Bob Dylan, meinte Crosby at det var eit for opplagt val og eit kunstnarisk steg attende.[1][6] Etter albumet kom ut har likevel kritikarar trekt fram songen som ein av dei beste Dylan-tolkingane deira.[25]

Samstundes insisterte Crosby på at dei skulle ta med den omstridde songen «Mind Gardens», som var mislikt av resten av bandet og kritisert av McGuinn fordi han ikkje hadde noko «rytme, takt eller rim».[35] I samtalar med Byrds-forfattaren Johnny Rogan i 1980 forsvarte Crosby songen og sa «han var uvanleg og ikkje alle forstod han, fordi dei ikkje hadde høyrt noko slikt før. På den tida skulle alt ha rim og rytme. Og songen hadde ingen av delane, så han fall utafor erfaringa deira. Det var berre ei lita soge og sa det som var sant... om du byggjer murar kring tankane dine for å halde borte det harde og smerta i livet så stengjer du òg ute gleda og kjærleiken.»[25] Sjølv om «Mind Gardens» ofte vart avvist av kritikarar og fansen for å vere sjølvoppteken, sa Rogan at ragarock-stemninga, den symbolske teksten og den attraktive baklengsgitareffekten fanga Byrds på sitt mest ambisiøse.[1][25]

Crosby kjempa og for å få songen «Why» (skriven i lag med McGuinn) med på albumet, trass i at han alt var gjeven ut som B-side av singelen «Eight Miles High» elleve månader tidlegare.[2][5] Versjonen av «Why» som er med på Younger Than Yesterday vart spelt inn under innspelinga for albumet og er totalt annleis enn B-side-versjonen.[5][22] Kvifor Crosby kjempa så hardt for denne songen når det var nyare materiale i reserve er ukjend, men scenearbeidaren deira Jimmi Seiter spekulerte i at det var eit forsøk på å auke låtskrivarandelen til Crosby på albumet.[25] Forfattaren Peter Lavezzoli skreiv at «Why» har vers med ein akkordstruktur som minnar om «(Love Is Like a) Heat Wave» av Martha and the Vandellas og ein raga-aktig gitarsolo inspirert av sitaristen Ravi Shankar.[36] Rogan meinte derimot at den indiske stemninga i songen var meir utvatna på nyinnspelinga enn på den tidlegare B-side-versjonen.[25][37]

Utgjeving og mottakingEndra

Younger Than Yesterday kom ut 6. februar 1967 i USA og 7. april 1967 i Storbritannia.[2] Albumet nådde 24. plassen på Billboard Top LPs-lista og låg på lista i 24 veker. Det nådde 37. plassen på albumlista i Storbritannia, og låg i alt fire veker på lista der.[8][9] Plateomslaget syner eit komposittfotografi av multieksponering av bandet, teken av Frank Bez.[38]

Før albumet kom ut, kom singelen «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» ut 9. januar 1967 og nådde 29. plassen på Billboard Hot 100, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[7] To andre singlar frå albumet, «My Back Pages» og «Have You Seen Her Face», nådde høvesvis 30. og 74. plassen på Billboard-lista, men gjekk igjen ikkje inn på den britiske albumlista.[10] Singelen «My Back Pages» var den siste singelen til The Byrds som gjekk inn på topp 40 på Billboard Hot 100.[10]

Då albumet kom ut fekk det stort sett positive meldingar frå musikkpresa og Billboard meinte på førehand at «The Byrds kjem til å nå høgt på LP-lista igjen med denne gode rockepakken.»[7] Pete Johnson i Los Angeles Times var meir forsiktig og skreiv at «albumet er bra, men det er trist om det blir eit monument som markerer slutten på utviklinga til The Byrds. Det er lite som skil det frå dei førre LP-ane deira i form av kreativitet.»[7] Ei positiv melding frå Peter Reilly i Hi-Fi/Stereo Review skildra albumet som «eit morosamt og godt album som om ein lyttar nøye nok, forklarar ein god del av det som skjer kring oss».[7]

Den blømande undergrunnspressa i USA var mindre positiv, og Richard Goldstein i The Village Voice skreiv at «Det er ikkje noko nytt eller veldig bra på Younger Than Yesterday[7] Ei noko meir positiv melding av Sandy Pearlman i Crawdaddy! var noko reservert og skreiv «Lyden er tett, men ikkje opplagt eller særleg komplisert. Men det er særs samanhengande. Det fungerer fordi det er ei eining, ikkje på grunn av kontrastverknader som volumendingar og synkoperingar.»[2]

I Storbritannia skreiv Penny Valentine i magasinet Disc, skildra albumet som eit comeback for The Byrds, før ho erklærte at bandet var «attende der dei høyrer heime med ein lyd like frisk som krem og solsikker».[39] Melody Maker likte òg albumet og skreiv «om du ignorerer dette albumet er du ikkje berre dum - men døv!»[39] Record Mirror gav albumet fire av fem stjerner, medan Allen Evans i NME skreiv: «Dette er eit spanande album, stundom høgt og støyande ('So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star', 'Have You Seen Her Face'), skummel (science-fiction-lydane i 'C.T.A.-102'), folk-aktig ('Everybody's Been Burned'), rart (det irriterande, monotone akkompagnementet på 'Mind Gardens'), og behageleg ('The Girl with No Name'). Det er lagt ned mange tankar i dette albumet og derfor er det så bra.»[39]

I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 123. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[40] Då lista vart vurdert på nytta i 2012, var albumet flytta til 127. plassen.[41]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»  Chris Hillman, Jim McGuinn 2:05
2. «Have You Seen Her Face»  Chris Hillman 2:25
3. «C.T.A.-102»  Jim McGuinn, Robert J. Hippard 2:28
4. «Renaissance Fair»  David Crosby, Jim McGuinn 1:51
5. «Time Between»  Chris Hillman 1:53
6. «Everybody's Been Burned»  David Crosby 3:05
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Thoughts and Words»  Chris Hillman 2:56
8. «Mind Gardens»  David Crosby 3:28
9. «My Back Pages»  Bob Dylan 3:08
10. «The Girl with No Name»  Chris Hillman 1:50
11. «Why»  Jim McGuinn, David Crosby 2:45
Bonusspor på 1996-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «It Happens Each Day»  David Crosby 2:44
2. «Don't Make Waves»  Jim McGuinn, Chris Hillman 1:36
3. «My Back Pages» (alternativ versjon)Bob Dylan 2:42
4. «Mind Gardens» (alternativ versjon)David Crosby 3:17
5. «Lady Friend»  David Crosby 2:30
6. «Old John Robertson» (singelutgåva)Jim McGuinn, Chris Hillman 5:05

MedverkandeEndra

Kjelder:[1][5][22][42][43]

The Byrds

Andre medverkande

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). London: Jawbone Press. s. 113–115. ISBN 1-906002-15-0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 544–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Younger Than Yesterday review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  4. Huxley, Martin. (1995). Psychedelia: The Long Strange Trip. Friedman Fairfax. s. 29. ISBN 1-56799-228-5. 
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 Rogan, Johnny. (1996). Younger Than Yesterday (1996 CD liner notes). 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 «Younger Than Yesterday». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). London: Jawbone Press. s. 118–120. ISBN 1-906002-15-0. 
  8. 8,0 8,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 11,7 Fricke, David. (1996). Younger Than Yesterday (1996 CD liner notes). 
  12. 12,0 12,1 12,2 Unterberger, Richie. «Biography of The Byrds». AllMusic. Rovi Corp. Henta 27. desember 2018. 
  13. Einarson, John (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 72–75. ISBN 0-87930-793-5. 
  14. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 179. ISBN 0-9529540-1-X. 
  15. Scoppa, Bud (1971). The Byrds. New York City: Scholastic Book Services. s. 54–55. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 185–186. ISBN 0-9529540-1-X. 
  17. Einarson, John (2005). Mr. Tambourine Man: The Life and Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 112–113. ISBN 0-87930-793-5. 
  18. 18,0 18,1 Howard, David N. (2004). Sonic Alchemy: Visionary Music Producers and Their Maverick Recordings. Hal Leonard Publishing Corporation. s. 70–72. ISBN 0-634-05560-7. 
  19. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 189. ISBN 0-9529540-1-X. 
  20. Dylan, Bob (2006). Lyrics: 1962–2001. New York City: Simon & Schuster. s. 152–153. ISBN 0-7432-3101-5. 
  21. 21,0 21,1 Rogan, Johnny (1996). «Song notes by Johnny Rogan». Fifth Dimension (CD booklet). The Byrds. Columbia/Legacy. 
  22. 22,0 22,1 22,2 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 620–622. ISBN 0-9529540-1-X. 
  23. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 204. ISBN 0-9529540-1-X. 
  24. Harris, John (March 2007). «The Day the World Turned Day-glo!». Mojo: 83. 
  25. 25,00 25,01 25,02 25,03 25,04 25,05 25,06 25,07 25,08 25,09 25,10 Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 196–202. ISBN 0-9529540-1-X. 
  26. Erlewine, Stephen Thomas. «Clarence White Biography». AllMusic. Rovi Corp. Henta 27. desember 2018. 
  27. Menck, Ric (2007). The Notorious Byrd Brothers (33⅓ series). New York City: Continuum Books. s. 58. ISBN 0-8264-1717-5. 
  28. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 193. ISBN 0-9529540-1-X. 
  29. Selvin, Joel (1992). Monterey Pop. San Francisco: Chronicle Books. s. 54. ISBN 0-8118-0153-5. 
  30. 30,0 30,1 Frame, Pete (April 1973), «History of The Byrds», Zigzag (London) 
  31. 31,0 31,1 Eder, Bruce. «Renaissance Fair song review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 27. desember 2018. 
  32. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 34. ISBN 0-9529540-1-X. 
  33. «Preflyte Plus: Floating World Records' catalogue listing». Floating World Records. Henta 27. desember 2018. 
  34. Ward, Thomas. «Everybody's Been Burned song review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 27. desember 2018. 
  35. Zimmer, Dave; Diltz, Henry (1984). Crosby Stills & Nash: The Authorized Biography. New York City: St. Martin's Press. ISBN 0-312-17660-0. 
  36. Lavezzoli, Peter (2007). The Dawn of Indian music in the West. New York City: Continuum International Publishing Group. s. 155–158. ISBN 0-8264-2819-3. 
  37. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). London: Rogan House. s. 152–157. ISBN 0-9529540-1-X. 
  38. «Younger Than Yesterday album credits». AllMusic. Rovi Corp. Henta 27. desember 2018. 
  39. 39,0 39,1 39,2 Hjort, Christopher (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973). London: Jawbone Press. s. 128. ISBN 1-906002-15-0. 
  40. «The 500 Greatest Albums of All Time list (circa 2003)». rockonthenet.com. Henta 27. desember 2018. 
  41. «Younger Than Yesterday entry on the 500 Greatest Albums of All Time list». Rolling Stone. Henta 27. desember 2018. 
  42. «The Byrds speak about Younger Than Yesterday». The Byrds Lyrics Page. Henta 27. desember 2018. 
  43. Payne, Doug. «Hugh Masekela: Discography 1955–1969». Dougpayne.com. Henta 27. desember 2018.