Solbriller

(Omdirigert frå Solbrille)

Solbriller er briller med farga glas som kan brukast for å verna auga mot sollys. Dei vert òg brukt av estetiske og kulturelle omsyn.

Solbriller.

Særleg albinoar og andre menneske med synsproblem kan ha nytte av solbriller. Ved havet og i snødekte omgjevnader kan det naturlege lyset vera skarpt nok til at også folk med normalt syn får problem. Blinde bruker ofte solbriller for å unngå å forvirra andre – å ikkje sjå auga kan vera betre enn å sjå auge som stirar i feil retning. Folk med abnormt utsjåande auge (til dømes på grunn av katarr) eller ukontrollerte rykninger brukar gjerne også solbriller for å skjula dette. Solbriller kan også vera nyttige for sjåførar, sjøfolk og pilotar, ettersom dei kan filtrera ut uønskt ljos (ofte med polariserte glas) og gjera brukaren i stand til å sjå betre. Gode solbriller kan verka til å kraftig redusera gjenskinnet frå vatn, fuktig asfalt og snø.

Solbriller filtrerer gjerne vekk ultrafiolett stråling, noko som vernar mot snøblindheit, katarrar og ulike former for augekreft. Det finst òg indikasjonar på at synleg høgenergilys (HEV light) er implisert som årsak til aldersrelatert makuladegenerasjon. Ein har undersøkt om blå lysblokkerande linser kan ha ein vernande effekt, men dette er ikkje tydeleg stadfesta av forsking.[1]

Sidan 1950-åra har solbriller vore utbreidd som motefenomen, særleg i samband med strandliv. Dei har òg vore knytt til filmstjerner og andre kjendisar i underhaldningsindustrien. Solbriller kan brukast til å skjula identitet. Dei hindrar augekontakt, noko som kan gje den som bruker dei eit psykologisk overtak. Brillene kan også vera eit teikn på sorg, fordi dei kan skjula teikn på gråt. Dei kan også skjula forstørra eller samantrekte pupillar eller blodskotne auge, symptom som kan vera teikn på narkotika- eller alkoholmisbruk.

Kjelder endre

  1. Glazer-Hockstein C, Dunaief JL. "Could blue light-blocking lenses decrease the risk of age-related macular degeneration?" Retina. 2006 Jan;26(1):1-4. [1]-PMID 1639513

Bakgrunnsstoff endre