Soldier av Iggy Pop

Soldier
Studioalbum av Iggy Pop
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1980
Innspelt August 1979
Studio Rockfield Studios i Wales
Sjanger
Lengd 36:19
Selskap Arista
Produsent Pat Moran
Iggy Pop-kronologi 
New Values
(1979)
Soldier Party
(1981)



Soldier er det femte studioalbumet til rockesongaren Iggy Pop. Det kom ut i februar 1980 på selskapet Arista.[1]

Innspeling endre

Iggy Pop samarbeide med den tidlegare Sex Pistols-bassisten Glen Matlock på albumet.

Det tidlegare The Stooges-medlemmet James Williamson skulle opphavleg produsere albumet, men ein krangel mellom Williamson og David Bowie (som assisterte som ven av Pop) over innspelingsteknikkar førte til at Williamson stakk av frå prosjektet.

David Bowie og Simple Minds syng korvokal på «Play It Safe».

Mangelen på sologitar i den endelege miksen har vore omdiskutert og vart kritisert av Glen Matlock. I biografien til Iggy Pop hevdar Matlock at sologitaren vart fjerna etter David Bowie vart slått til av Steve New fordi han la an på kjærasten hans på den tida, Patti Palladin.[2]

Utgjeving endre

Soldier kom ut i februar 1980 på selskapet Arista. Det nådde 125. plassen på Billboard-lista. Det vart laga musikkvideoar til songane «Loco Mosquito», «Knocking 'Em Down (In the City)» og «Dog Food».

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [3]
Robert ChristgauB+[4]
Rolling Stonefavorable[5]

Soldier har fått til dels gode meldingar frå kritikarane.

I ei melding skreiv Charlotte Robinson for PopMatters at «i staden for eit punkmeisterverk, viste Solider seg å vere ei ujamn og stundom tøysete innspeling.»[6]

David Fricke i Rolling Stone var positiv til albumet og skreiv «Solider, er som alle albuma hans, eit hardt slag i ein krig som Iggy Pop var fast bestemt på å vinne.»[7]

Innhald endre

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Loco Mosquito»Iggy Pop3:13
2.«Ambition»Glen Matlock3:25
3.«Knocking 'Em Down (In the City)»Iggy Pop3:20
4.«Play It Safe»David Bowie, Iggy Pop3:05
5.«Get Up and Get Out»Iggy Pop2:43
6.«Mr. Dynamite»Glen Matlock, Iggy Pop4:17
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Dog Food»Iggy Pop1:47
8.«I Need More»Glen Matlock, Iggy Pop4:02
9.«Take Care of Me»Glen Matlock, Iggy Pop3:25
10.«I'm a Conservative»Iggy Pop3:55
11.«I Snub You»Barry Andrews, Iggy Pop3:07
Bonusspor på 2000-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Low Life»Ivan Kral, Iggy Pop2:57
13.«Drop a Hook»Iggy Pop4:25

Medverkande endre

med:

  • Simple Minds – korvokal på «Play It Safe»
  • David Bowie – korvokal på «Play It Safe»
  • Henry McGroggan – kor på «Loco Mosquito»
Teknisk

Kjelder endre

  1. «Iggy Pop - Soldier». Henta 7. mai 2018. 
  2. «Clean on the Dirty: An Interview With Steve New -». 5. desember 2006. Henta 7. mai 2018. 
  3. Deming, Mark. «Soldier – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 7. mai 2018. 
  4. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Iggy Pop». robertchristgau.com. Henta 7. mai 2018. 
  5. Fricke, David (7. februar 1980). «[Soldier review]». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. februar 2018. Henta 7. mai 2018. 
  6. Robinson, Charlotte (5. februar 2003). «The Weird Trilogy: Iggy Pop's Arista Recordings | PopMatters». PopMatters. Henta 7. mai 2018. 
  7. Fricke, David (7. februar 1980). «Soldier – Album Reviews – Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. januar 2015. Henta 26. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff endre