Soleigro
Soleigro (Baldellia repens) er ein art i soleigroslekta i vassgrofamilien.[1] Han veks både ved og i vatn.[2]
Soleigro | |
Status | |
Status i Noreg: Sterkt truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Vassgrofamilien Alismataceae |
Slekt: | Soleigroslekta Baldellia |
Art: | Soleigro B. repens |
Vitskapleg namn | |
Baldellia repens |
I Noreg er arten heimleg med ei sørvestleg utbreiing.[3] Han vert rekna som sterkt truga (EN) i Raudlista 2021. Arten er kjend frå fem stader i landet: Orrevatnet i Klepp kommune, Ådlandsvatnet og ein oppdemd dam på Stord, Tveitavatnet på Huglo og Vevatnet på Tysnesøy.[4]
Rapporterte funn i 2018 av den nærståande skjermsoleigro (B. ranunculoides) er førebels ikkje stadfesta.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Soleigro». Artsdatabanken. Henta 17. februar 2024.
- ↑ «soleigro» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 26. desember 2023.
- ↑ 3,0 3,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 165.
- ↑ Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av soleigro Baldellia repens for Norge. Rødlista for arter 2021.». Artsdatabanken.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Soleigro hos Artsdatabanken
- (en) Soleigro i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Soleigro hos Dyntaxa
- (en) Soleigro hos NCBI
- (en) Soleigro hos The International Plant Names Index
- (en) Soleigro hos Tropicos
- Baldellia repens – detaljert informasjon på Wikispecies