Solfrid Eila Amena Koanda (fødd 13. november 1998) er ein norsk vektløftar i vektklassen under 87 kilo. Ho er busett i Grimstad og representerer Larvik Atletklubb. I april 2021 vann ho bronse i øvinga støt under EM i vektløfting, med ny nordisk rekord på 135 kg.[1] Ho tok gull i støt og bronse totalt under VM i vektløfting 2021, igjen med ny nordisk rekord. Dette var dei fyrste norske medaljane innan vektløfting i VM-samanheng sidan 1974.[2]

Solfrid Koanda


Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1998 (25 år)
Uleåborg
Idrett vektløfting
Tok del i 2021 World Weightlifting Championships – Women's 87 kg, EM i vektløfting 2022, 2022 World Weightlifting Championships – women's 87 kg, 2023 World Weightlifting Championships – Women's 87 kg
Medaljeoversikt
Tevla for  Noreg
Dei olympiske ringar Olympiske leikar
Gull OL 2024 Samanlagd
Verdsmeisterskapen i vektløfting
Gull VM 2023 Støt
Gull VM 2021 Støt
Bronse VM 2021 Samanlagd
Europameisterskapen i vektløfting
Gull EM 2022 Rykk
Gull EM 2022 Støt
Gull EM 2022 Sammenlagt
Bronse EM 2021 Støt

Koanda vann kongepokalen i 2022, 2023 og 2024. I 2023 blei ho verdsmeister for andre gong etter 156 kg i støt.[3] I 2024 tok ho gull i OL i Paris, etter å ha sett olympisk rekord.[4][5]

Bakgrunn

endre

Koanda er fødd i Finland med norsk mor og ivoriansk far. Som niåring flytta ho saman med foreldra til Grimstad.

I 2020 byrja Koanda med vektløfting. I februar 2021 kvalifiserte ho seg til europameisterskapen i vektløfting etter norske rekordar 96 kg i rykk og 125 kg i støt i eit stemne i Lillesand.[6]

Personlege rekordar

endre

Dei personlege rekordane til Koanda er også gjeldande nordiske rekordar.

87-kilosklassen
Øving Vekt Dato År Stad
Rykk 123 kg 31. mars 2024 Phuket
Støt 160 kg 19. februar 2024 Sofia
Samanlagd 280 kg 19. februar 2024 Sofia

Medaljar i norske meisterskap

endre
Plassering Øving År
Gull 87 kg 2022, 2023, 2024
Gull +87 kg 2021
Sølv 87 kg 2020

Kjelder

endre
Referansar
  1. «Overrasket med EM-bronse i vektløfting». Fædrelandsvennen. 10. april 2021. Henta 11. april 2021. 
  2. «Forlot foreldrene som 15-åring – Nå er hun verdensmester». NRK. 18. desember 2021. Henta 19. desember 2021. 
  3. NRK (15. september 2023). «Koanda med suverent VM-gull». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. februar 2024. 
  4. TV2 (10. august 2024). «Koanda vant OL-gull – sikret olympisk rekord». TV2 (på norsk bokmål). Henta 10. august 2024. 
  5. VG (10. august 2024). «Solfrid Koanda med tårefylt jubel etter OL-gull: –⁠ Trengte en liten gudinne». VG (på norsk bokmål). Henta 10. august 2024. 
  6. «Solfrid (22) er historisk sørlending». Aftenposten. 15. februar 2021. Henta 11. april 2021.