Solhverv
«Solhverv» av Jan Høiland | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | chanson | |
Selskap | EMI Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Dag Kristoffersen |
---|
«Solhverv» er ein song av Jan Høiland, gjeven ut i 1963. Songen er skriven av Dag Kristoffersen.[1]
Eurovision
endreMelodi Grand Prix 1963
endre«Solhverv» deltok i Melodi Grand Prix 1963, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1963 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Jan Høiland med eit lite orkester, og så på nytt av Nora Brockstedt med eit stort orkester. Bidraget vann med 81 poeng.[2][3]
Eurovision Song Contest 1963
endre«Solhverv» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1963 | |||||
Land | Noreg | ||||
Artist(ar) | Anita Thallaug | ||||
Medverkande | Øivind Bergh (dirigent) | ||||
Språk | Norsk | ||||
Komponist(ar) | Dag Kristoffersen | ||||
Låtskrivar(ar) | Dag Kristoffersen | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 0 | ||||
Finaleplass | 13 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
|
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1963 fekk «Solhverv» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1963. Nora Brockstedt skulle framføre songen, men måtte trekje seg på grunn av ein spelejobb. Songen vart dimed framført, på norsk, av Anita Thallaug. Øivind Bergh dirigent. Bidraget enda på 13. og sisteplass med null poeng. Noreg enda sist av totalt 16 bidrag av di landet måtte dele den dårlege plasseringa med Nederland, Finland og Sverige, som heller ikkje fekk nokre poeng.
Fotnotar
endre- ↑ «MGP 1963» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014.
- ↑ «Norway 1963» (på engelsk). esc-history.com. Henta 18. juni 2014.
- ↑ «NORWEGIAN FINAL 1963» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 18. juni 2014.