Solrikse
Solrikse, Eurypyga helias, er ein fugl med habitat i tropiske regionar i Amerika, og den einaste medlemmen av den biologiske familien Eurypygidae.
Solrikse | |
Solrikse Foto: Ryan Somma
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av solrikse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eurypygiformes |
Familie: | Eurypygidae |
Slekt: | Eurypyga |
Art: | Solrikse E. helias |
Vitskapleg namn | |
Eurypyga helias |
Solriksa finn ein normalt nær elvar og bekker i skogsvegetasjon i lågland opp til 900 moh. Ho jaktar fisk og andre små virveldyr på liknande måte som hegrar gjer. Fuglen har generelt avdempa farger med fine lineære mønstre i svart, grått og brunt. Men flygefjøra har sterkare farga mønstre, når vengene er spreidd ut syner dei lyse augeflekkar i raudt, gult og svart. Denne drakta viser dei for å imponere andre solrikser eller dei mimar ein stor predator for å verne seg sjølv og avkommet mot potensielle trugsmål.
I likskap med få andre artar har solrikser dun.
Dei byggjer opne reir i tre, og legg to egg med skjolda markingar. Ungane er godt utvikla ved klekking, men held seg i reiret i fleire veker.
Solriksa var tidlegare vanlegvis plassert i den biologiske orden Gruiformes, tranefuglar, men dette var vurdert som førebels. I enkelte aspekt av morfologien ligg solriksa nær hegrar, men dette synast å vere resultat av konvergerande evolusjon på grunn av likskap i levemåte.
Ein annan gåtefull fugleart er kagu. Kagu er òg monotypisk i sin familie, og var mellombels plassert i Gruiformes. Nyleg er det samla prov for at kagu og solrikse faktisk er systerartar, utan noko til felles med tranefuglar eller andre fugleordenar. Dei to artane er no einaste artar i orden Eurypygiformes .[1] [2]
Bakgrunnsstoff
endre- Faktaark hos birdlife.org Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- Solrikse videoar Arkivert 2008-01-03 ved Wayback Machine. hos Internet Bird Collection
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sunbitten frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
endre- ↑ Ericson, Per G.P; Cajsa L Anderson, Tom Britton, Andrzej Elzanowski, Ulf S Johansson, Mari Källersjö, Jan I Ohlson, Thomas J Parsons, Dario Zuccon, Gerald Mayr (22. desember 2006). «Diversification of Neoaves: integration of molecular sequence data and fossils». Biology Letters 2 (4): 543 –547. doi:10.1098/rsbl.2006.0523. Henta 2. januar 2011.
- ↑ Hackett, S.J.; Kimball, R.T.; Reddy, S.; Bowie, R.C.K.; Braun, E.L.; Braun, M.J.; Chojnowski, J.L.; Cox, W.A.; Han, K-L.; Harshman, J.; Huddleston, C.J.; Marks, B.D.; Miglia, K.J.; Moore, W.S.; Sheldon, F.H.; Steadman, D.W.; Witt, C.C.; Yuri, T. (27. juni 2008). «A phylogenomic study of birds reveals their evolutionary history». Science 320: 1763–1768. Henta 31. desember 2010.