Somalistruts

Status i verda: VU Sårbar

Hannfugl i Lewa Conservancy, Kenya Foto: Christiaan Kooyman
Hannfugl i Lewa Conservancy, Kenya
Foto: Christiaan Kooyman
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Struthionidae
Slekt: Struthio
Art: S. molybdophanes
Namn på andre språk
  • Engelsk: Somali ostrich
  • Vitskapleg namn
    Struthio molybdophanes
    Reichenow, 1883

    Somalistruts, Struthio molybdophanes, er ein særs stor fugl utan flygeevner med leveområde på Afrikas horn. Tidlegare blei arten definert som ein underart av slettestruts, Struthio camelus, men frå 2014 blei han skildra som sin eigen distinkte art utan underartar.[1]

    Molekylære prov indikerer at den austafrikanske riftdalen har tent som ein geografisk barriere for å isoler dette taksonet frå nominatforma av struts, Struthio camelus camelus, medan økologiske og åtferdsmessige skilnader har halde taksonet genetisk ulikt frå nabotaksonet S. c. massaicus.[2] Ei undersøking av mitokondrielt DNA frå Struthio-taksonet, inkludert den no utdøydde arabiske strutsen, har komme til at somalistrutsen er fylogenetisk den mest distinkte, og den som synest å ha divergert frå ei felles avstamming for 3,6 til 4,1 millionar år sidan.[2][3]

    SkildringEndra

     
    Hofugl av somalistruts, Samburu National Reserve, Kenya
    Foto: Flickr-brukar:Ninara

    Jamvel om denne arten liknar på systerarten slettestruts, så skil spesielt hannar i paringsperioden seg i farge frå hannar av arten slettestruts. Den nær fjørlause halsen og låra på somalistrutsen er gråbrun der strutsen er meir raudleg, og hannen av somalistrutsen blir her lysblå i hekketida. Elles har hannane svart fjørdrakt med kvit hale og kvite svingfjører, den ytste delen av dei korte vengene. Halsen manglar ein typisk brei kvit ring som systerarten har. Hoene er mindre iaugefallande, brunlege. Unge fuglar, og dei som ikkje hekkar, liknar hoer. Som hos arten struts er hannar større enn hofuglane.[4][1][5][note 1]

    Leveområdet for somalistrutsen er i hovudsak Afrikas horn, spesielt i søraustlege Etiopia, over mykje av Somalia og Kenya. Området er dels differensiert frå arten struts, òg økologisk.[2]

    Ein rapport til IUCN i 2006 antyder at somalistrutsen var vanleg i dei sentrale og sørlege regionane i Somalia på 1970- og 1980-talet. Etter den politiske oppløysinga av landet og mangelen på effektivt vern av dyrelivet, har utbreiinga og populasjonen krympa som følgje av ukontrollert jakt på kjøt, lækjemiddel og egg, og fuglen står overfor utrydding på Afrikas horn.[6]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. 1,0 1,1 BirdLife International (2017) Species factsheet: Struthio molybdophanes. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. oktober 2017
    2. 2,0 2,1 2,2 Freitag, Stephanie & Robinson, Terence J. (1993). «Phylogeographic patterns in mitochondrial DNA of the Ostrich (Struthio camelus (PDF). The Auk 110 (3): 614–622. doi:10.2307/4088425. 
    3. Robinson, Terence J. & Matthee, Conrad A. (1999). «Molecular genetic relationships of the extinct ostrich, Struthio camelus syriacus: consequences for ostrich introductions into Saudi Arabia». Animal Conservation 2 (3): 165–171. doi:10.1111/j.1469-1795.1999.tb00062.x. 
    4. del Hoyo, J., Collar, N. & Garcia, E.F.J. (2017) Somali Ostrich (Struthio molybdophanes) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. oktober 2017
    5. Shanawany, M.M. & Dingle, John (1999). Ostrich production systems, Part 1. Food and Agriculture Organisation. s. 12. ISBN 978-92-5-104300-4. 
    6. Amir, Osman G. (2006). Wildlife trade in Somalia (PDF). World Conservation Union – Species Survival Commission. s. 12. 
    Notar
    1. I rapporten Ostrich production systems hevdar forfattaren at hofuglar av somalistruts er større enn hannar, medan HBW Alive og Birdlife International seier det andre andre vegen

    BakgrunnsstoffEndra

      Commons har multimedia som gjeld: Somalistruts