Sondre Justad (fødd 15. oktober 1990) er ein norsk artist og låtskrivar frå Henningsvær og Borg i Lofoten. I oktober 2015 gav han ut debutalbumet Riv i hjertet.

Sondre Justad

Fødd15. oktober 1990 (33 år)
FødestadHenningsvær
FødenamnSondre Justad
OpphavNoreg
Aktiv2014–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapPetroleum Records
Verka somsongar, komponist
PrisarGammleng-prisen

Biografi endre

Justad gav ut sin fyrste singel, «Nu har du mæ», i 2014 på Petroleum Records. I februar og juni 2015 følgde han opp med singlane «Det e over» og «Tilbake», som begge fekk høg radiorotasjon og tok han til TV-program som VG-lista Topp 20 og SenkveldTV 2. Samstundes byrja han å gjere seg merka som liveartist, og sommaren 2015 spela han på ei rekkje store festivalar.

Det verkelege gjennombrotet kom hausten 2015, med debutalbumet Riv i hjertet, som vart liggjande på VG-lista i over eit år med ein 6.-plass som beste plassering.[1] Albumet fekk terningkast fem av Aftenposten, Dagsavisen, Avisa Nordland og Fædrelandsvennen. Foran Spellemannprisen 2015 vart Justad nominert i tre klasser: popsolist, årets album og årets nykommer for albumet.[2] Justad fekk Tekstforfatterfondets lyspunktpris for 2015 og vart nominert i klassene årets liveartist og årets låt under P3 Gull i 2016.[3] Seks av låtane på albumet vart lista på nasjonal radio, og tittelsporet «Riv i hjertet» vart den mest spelte norskspråklege låten i 2015.[4] Fem av singlane selde til gull, og éin til platina.[5]

Frå oktober 2016 tok Justad pause på ubestemt tid. Han ville gje seg sjølv tid til å fokusere på nye låtar og vegen vidare. Nesten nøyaktig eitt år seinare vart låtane «Ingenting» og «Paradis» slopne. «Paradis» vart A-lista hos både NRK P3 og NRK P1, og framført både på Senkveld (TV 2) og P3 Gull (NRK). Også hans tredje singel, «Gjør det igjen» fekk høg radiorotasjon, og vart framført på Lindmo på NRK1. 23. mars 2018 kom andrealbumet til Justad, Ingenting i paradis. For albumet og låten «Ikke som de andre» fekk han fire nominasjonar foran Spellemannprisen 2018: popartist, årets album, årets musikkvideo og årets låt.[6] Han fekk Gammleng-prisen i klassen populærmusikk for 2019 og vart nominert i klassene årets liveartist og årets låt for «Fontena på Youngstorget» foran P3 Gull 2019.[7] [8][9] I 2021 gav han ut singelen «Sorry» saman med Musti. For videoen til låten, som vart regissert av Julian Vargas og Eirik Svensson, vart han nominert til Spellemannprisen 2021 i klassen årets musikkvideo.[10]

Ved sida av musikken har Justad engasjert seg i miljø og politikk. Han har blant anna jobba for å hindre olje- og gassutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja[11], og har fleire gongar uttala seg kritisk om Noregs handtering av flyktningkrisen.[12][13]

Under eit intervju i TV-programmet Lindmo 24. mars 2018, skapa Justad overskrifter då han stod fram som bifil og uttala: «Jeg har kjent på at jeg rommer mer, at kjærligheten er større. Jeg kjenner på at … Jeg tror ikke det trenger å være damer eller menn for min del. Det kan hende det går bra med begge deler. At det bor noe mer der.»[14]

Diskografi endre

Album
Singlar/EP-ar
  • Nu har du mæ (2014)
  • Det e over (2015)
  • Tilbake (2015)
  • Riv i hjertet (2015)
  • Tida vi bare va (2016)
  • Ingenting (2017)
  • Paradis (2017)
  • Gjør det igjen (2018)
  • Ikke som de andre (2018)
  • Fontena på Youngstorget (2019)
  • Sorry (2021) - sammen med Musti
  • Chill litt (2021)
  • Pause fra mæ sjæl (2021)
Deltek på

Referansar endre

  1. VG-lista Topp 20 Arkivert 2017-07-14 ved Wayback Machine. "Riv i hjertet". Besøkt 27. oktober 2017.
  2. Lofotposten 5. januar 2016. Sondre Justad nominert til tre spellemannpriser. Besøkt 27. oktober 2017.
  3. P3 musikk 8. november 2016. Her er de nominerte til P3 Gull 2016. Besøkt 27. oktober 2017.
  4. Lofotposten 19. juli 2016. Sondre er mest spilt på radio i Norge . Besøkt 27. oktober 2017.
  5. IFPI Norge. Besøkt 27. oktober 2017.
  6. «Sondre Justad kan ta storeslem». dagbladet.no. 8. februar 2019. Henta 8. februar 2019. 
  7. «Rolf Gammleng-prisene: Veteranprisen til Casino Steel». ballade.no. 4. november 2019. Henta 8. november 2019. 
  8. «P3 Gull 2019». nrk.no. 13. november 2019. Henta 24. november 2019. 
  9. «P3 Gull: Disse er nominert til Årets låt». p3.no. 19. november 2019. Henta 24. november 2019. 
  10. «Dette er årets nominerte». dagbladet.no. 11. februar 2022. Henta 11. mars 2022. 
  11. Eliassen, Heather Ørbeck (17. januar 2020). «Maja Lunde ut mot ny, norsk oljeleting: – Jeg synes ikke dette er veldig klokt». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2020. 
  12. Johannessen, (NTB) NTB-Gitte (19. mars 2018). «Sondre Justad: – Det er ikke farlig å snakke om følelser». smp.no. Henta 18. januar 2020. 
  13. AS, TV 2. «Stjerneskuddet Sondre Justad: - Ikke opptatt av å være kjendis». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2020. 
  14. «Sondre Justad om å stå frem som bifil: – Det er skummelt å være så ærlig». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre