I'll Cry Instead
I'll Cry Instead Singel av The Beatles frå albumet A Hard Day's Night | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juli 1964 | |
Innspelt | 1. juni 1964, EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock and roll,[1] country[2] | |
Lengd | 2:09 | |
Selskap | Capitol (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Amerikanske The Beatles-singlar-kronologi | ||
«And I Love Her» (1964) |
I'll Cry Instead | «Slow Down» (1964)
|
«I'll Cry Instead» er ein song skriven av John Lennon og godskriven Lennon–McCartney. Han vart spelt inn av The Beatles for filmmusikkalbumet til filmen A Hard Day's Night.
Bakgrunn
endreLennon skreiv songen for «utbrytar»-sekvensen i filmen.[2] Songen vart spelt inn 1. juni 1964 i to delar, A og B,[3] som så kunne setjast saman seinare for å få den rette lengda dei trong for filmen. Men regissøren Richard Lester valde seinare den meir livlege «Can't Buy Me Love».[4] Då Walter Shenson gav ut filmen på ny i 1981, nytta han «I'll Cry Instead» i opninga som ei hyllest til Lennon.[5]
Struktur
endre«I'll Cry Instead» vart av Cynthia Lennon skildra som eit rop om hjelp, og sa «Han syner frustrasjonen som John Lennon kjende på den tida. Han var eit idol for millionar av folk, men fridomen og moroa frå dei tidlege dagane var borte.»[6] John Lennon sa seinare at linja «A chip on my shoulder that's bigger than my feet» var ei nøyaktig skildring av korleis han kjende det på den tida.[7]
«I'll Cry Instead» er ein countrysong,[2] ein sjanger The Beatles, og særskild Ringo Starr, likte å spele.[8]
Medverkande
endre- John Lennon – vokal,[9][10] akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – bass
- George Harrison – sologitar
- Ringo Starr – trommer, tamburin
- Personell per Ian MacDonald[2]
Utgjevingar
endreDen fulle versjonen (2:09) kom ut på filmusikkalbumet A Hard Day's Night. Denne same versjonen kom òg ut på singel i USA og monoversjonen kom ut på Capitol-albumet Something New. Denne versjonen kom òg ut på The Capitol Albums, Volume 1.
Ei kortare utgåve (1:49, utan det tredje verset) kom ut i Storbritannia på Parlophone si utgåve av A Hard Day's Night, ein britisk EP kalla Extracts from the Album A Hard Day's Night og på Capitol si stereoutgåve av Something New.
«I'll Cry Instead» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, og låg sju veker inne på lista.
Andre versjonar
endre- Joe Cocker spelte denne songen i 1964. Det var debutsingelen hans.
- Johnny Rivers spelte denne songen i 1965, på albumet Meanwhile Back at the Whisky à Go Go.
- Billy Joel gjorde eit konsertopptak, gjeven ut som B-side til «An Innocent Man» i 1983.[11]
- I 1966 gav Chet Atkins ut ein instrumental versjon på albumet Chet Atkins Picks on the Beatles.
- Rhett Miller spelte denne songen i 2011 for albumet The Interpreter (Live at Largo).
- Lee Rocker spelte denne songen på Hot n' Greasy, Vol. 1 (2012).
Salslister
endreListe (1964) | Plassering |
---|---|
US Billboard Hot 100[12] | 25 |
US Cash Box Top 100[13] | 22 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I'll Cry Instead» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Beatles (2000). The Beatles Anthology. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-2684-8.
- Dowlding, William J. (1989). Beatlesongs. New York: Simon & Schuster. ISBN 0-671-68229-6.
- Harry, Bill (1994). The Ultimate Beatles Encyclopedia.
- «I'll Cry Instead». Songfacts. 2008. Henta 16. juli 2008.
- Lennon, Cynthia (2006). John. Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-89828-3.
- Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- ↑ I'll Cry Instead på Allmusic
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 MacDonald 2005, s. 117.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 44.
- ↑ Harry 1994, s. 321.
- ↑ Harry 1994, s. 322.
- ↑ Lennon 2006, s. 198.
- ↑ Dowlding 1989, s. 175.
- ↑ The Beatles 2000, s. 160.
- ↑ «I'll Cry Instead. Beatles Music History.».
- ↑ «Alan W. Pollack's notes on «I'll Cry Instead».».
- ↑ Songfacts 2008.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.