Songen Painkiller

Painkiller
Singel av Judas Priest
frå albumet Painkiller
Utgjeve 1990
Innspelt 1990
Sjanger Heavy metal, speed metal
Lengd 6:06
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Rob Halford

K.K. Downing Glenn Tipton

Produsent Chris Tsangarides
Judas Priest-kronologi 
«Johnny B. Goode»

(1988)

Painkiller «A Touch of Evil»

(1991)


«Painkiller» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå 1990 på albumet Painkiller. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet seinare på året.

Den første gitarsoloen i songen vert spelt av Glenn Tipton, medan den andre vert spelt av K.K. Downing. Rob Halford syng og skrik særs lyst gjennom heile songen, medan Scott Travis spelar komplekse rytmar. Tipton har fortalt at soloen hans på songen er den han best likar å spele. Det var òg den første innspelinga hans der han brukar sweep picking-teknikken.

Songen vart nominert til Grammyprisen i 1991 i kategorien for beste metalsong.

Andre versjonar endre

Songen er blitt spelt av death metal-bandet Death i 1998 på albumet The Sound of Perseverance.

Det brasilianske power metal-band Angra har spelt songen på albumet Freedom Call, som kom i 1996. Denne versjonen finst òg på hyllestalbumet Legends Of Metal - A Tribute To Judas Priest Volume II.

I 2004 spelte Arturo Huizar frå Mexico inn songen for albumet hans Mirada Electrica: Tributo A Judas Priest. Albumet inneheld òg andre Judas Priest-songar, alle omsette til spansk.

I nyare tid har det britiske thrash/power metal-bandet Biomechanical spelt songen for ein avgrensa versjon av The Empires of the Worlds, med Chris Tsangarides, som produserte albumet Painkiller.

Den energiske trommeintroen vart spelt av Mike Wengren i Disturbed som ein intro til versjonen deira av Priest-songen «Living After Midnight».

Det franske industrimetal-bandet Obszön Geschöpf spelte «Painkiller» i 2013 på albumet Highway of Horrors.

Det japanske bandet Babymetal spelte ein forkorta versjon av songen i 2016 på Alternative Press Music Awards i lag med Rob Halford, i tillegg til songen «Breaking the Law».[1][2]

I andre media endre

  • I Rock Band 2 og Rock Band Unplugged, er « siste songen som kan låsast opp og er den vanskelegaste songen i begge spela og er den første songen i Rock Band-serien som har vanskelegheitsgraden «umogeleg» for alle bandmedlemmane. I tillegg er songen blitt nytta i videospela Madden NFL 10, den siste kampen i Brütal Legend og Guitar Hero: Van Halen, der trommeintroen er fjerna på grunn av lisensårsaker.
  • Songen er òg spelbar i videospelet Rocksmith, i lag med to andre Judas Priest-songar.

Medverkande endre

Judas Priest

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre