Songhua (kinesisk skrift 松花江,, pinyin Sōnghūajiāng) er ei elv i provinsen Heilongjiang i det nordaustlege Kina. Ho har sine kjelder i Changbaifjella og er 1 927 km lang. Songhua er den største sideelva til Amur. Dei største byane ved elva er Harbin og Jiamusi. På mandsjuisk vart elva kalla Sunggari ula, og ho er kjent under dette namnet på russisk: Сунгари.

Songhua
elv
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Songhua
42°43′40″N 127°13′26″E / 42.727777777778°N 127.22388888889°E / 42.727777777778; 127.22388888889
Wikimedia Commons: Songhua River
Løpet til Songhua

Det meste av elva renn gjennom sletteland. Ho er farbar større delar av året i lange strekningar. Om vinteren er ho islagt, og fløymer ofte over under snøsmeltinga som set inn i mars. To store demningar er bygd langs løpet, Baishandemninga og Fengmandemningen, begge med vasskraftverk. Lengste bielv er Nenjiang.

Utslepp endre

13. november 2005 vart elva kraftig forureina av benzen og nitrobenzen, som følgje av ein serie eksplosjonar i ein kjemisk fabrikk i Jilin i Jilin. Ifølge offisielle rapportar rann ca. 100 tonn benzol ut i elva. Mange av byane langs Songhua hadde elva som drikkevasskjelde. Vassforsyninga frå elva stansa for ein periode.

Kjelder endre