Songyuan
Songyuan (kinesisk skrift 松原, pinyin Sōngyuán) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina. Prefekturet har eit areal på 20 159 km², folketalet er sist berekna til 2,9 millionar. Songyuan grensar i nord til provinsen Heilongjiang og i sørvest til Indre Mongolia.
Songyuan | |||
byprefektur | |||
Gågate i byen Songyuan
| |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Jilin | ||
Areal | 21 169,77 km² | ||
Folketal | 2 750 000 (2018) | ||
Songyuan 45°08′20″N 124°48′29″E / 45.1388°N 124.808°E | |||
Songyuan (gul) i Jilin
| |||
Wikimedia Commons: Songyuan |
Byprefekturet Songyuan omfattar eit distrikt (区 qū), tre fylke (县 xiàn) og eit autonomt fylke.
Historie
endreByen Songyuan voks fram i byrjinga av 1900-talet, i åmotet mellom dei to elvane Songhua og Nen.
Næring
endreEit av dei største oljefelta i Kina ligg i byprefekturet. Det vert dyrka mykje mais og gras her.
Samferdsle
endreSongyuan er eit knutepunkt for samferdsla i denne delen av Nordaust-Kina. Fem jarnvegar går gjennom byprefekturet og seks nasjonale eller regionale hovudvegar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Songyuan» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Songyuan» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.