Sonja Mandt
norsk politikar
Sonja Mandt (fødd 29. mars 1960 i Larvik i Vestfold) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Vestfold fylke ved stortingsvalet i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009. Mandt er fylkesleiar i Vestfold Arbeidarparti.
Sonja Mandt | |
Fødd | 29. mars 1960 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
Mandt tok Sandefjord Handelsgymnasium i åra 1976–1979, 1. avd. juridicum som privatist 1988–1989 og avd. sjukepleie, Høgskolen i Vestfold 1993–1995. Ho arbeidde som produksjonsarbeidar ved Nestlé Findus A/S 1980–1987, som sjukepleiar ved sjukehuset i Vestfold og frå 1995 ved sjukehuset i Larvik.
StortingskomitearEndra
- 2005–: medlem i helse- og omsorgskomiteen
- 2005–09: varamedlem i valkomiteen