Sorcerer av Tangerine Dream

filmmusikk av Tangerine Dream
Sorcerer
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juli 1977
Innspelt Mai til oktober 1976
Studio Victoria Studios i Berlin
Sjanger Elektronisk musikk, progressiv rock, kosmisk musikk[1]
Lengd 43.52
Selskap MCA
Tangerine Dream-kronologi 
Stratosfear
(1976)
Sorcerer Encore
(1977)


Sorcerer er det niande albumet og det første filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det inneheld musikk for filmen Sorcerer. Det nådde 25. plassen på den britiske albumlista og vart det tredje mest selde albumet til bandet i Storbritannia.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]

Bakgrunn endre

Etter ein europeisk turné i 1976 byrja Tangerine Dream å arbeide på musikk for William Friedkin, regissøren av The French Connection og Eksorsisten. Sorcerer var ei nyinnspeling av Clouzot sin The Wages of Fear frå 1953 om ein risikabel lastebiltransport. William Friedkin hadde ønskt å lage ein film kring kva musikk Tangerine Dream kunne klare å skape.[3]

Chris Franke fortalte: «William Friedkin hadde høyrt musikken vår i Los Angeles. Han ringe oss og sa han likte det, at det var nyskapande og nytt, og at han ønskte å lage ein film med det. Han var interessert i å ha musikken spelt for skodespelarane på settet. Me kjende oss særs sjølvstendig frå alt dette sidan musikken vart skapt av oss i eit rom i Berlin, med ein åttesporsopptakar og eit manus.»[3]

Edgar Froese sa seinare: «Sorcerer-albumet vart spelt inn på ein gammal åttespors Ampex-opptakar i Berlin. Det var ein av fire maskinar som stod i Abbey Road Studios i London, som vart selt etter Beatles-tida. Me hadde leigd ein gammal kino og laga eit lite studio der. Moog-en var særs nyttig, og på dette stadiet var me blitt ganske kyndige på instrumentet. Me brukte òg eit Fender Rhodes-piano, gitarar og til og med ein Revox-lydbandmaskin som forseinkingsapparat.»[3]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, Christoph Franke, Peter Baumann.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Main Title»5:28
2.«Search»2:54
3.«The Call»1:57
4.«Creation»5:00
5.«Vengeance»5:32
6.«The Journey»2:00
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Grind»3:01
2.«Rain Forest»2:30
3.«Abyss»7:04
4.«The Mountain Road»1:53
5.«Impressions Of Sorcerer»2:55
6.«Betrayal (Sorcerer Theme)»3:38

Medverkande endre

Kjelder endre