Encore av Tangerine Dream

konsertalbum av Tangerine Dream
Encore
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1977
Innspelt Mars - april 1977, Nord-Amerika
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 71:49
Selskap Virgin
Produsent Tangerine Dream
Kritikk

Allmusic 4/5 stars[1]

Tangerine Dream-kronologi 
Sorcerer
(1977)
Encore Cyclone
(1978)


Encore: Tangerine Dream Live er eit konsertalbum av det tyske electronicabandet Tangerine Dream frå 1977.[2] Opptaka vart hovudsakleg gjort på den særs suksessfulle turneen deira i USA i 1977.

Bakgrunn endre

Våren 1977 drog Tangerine Dream på to utselde turnear i USA. I oktober 1977 gav dei ut det doble Encore med fire lange spor spelte inn under desse turenane. Noko av musikken var basert på tema frå Ricochet, Stratosfear og Sorcerer. Titlane «Coldwater Canyon» (inkludert den lengste gitarsoloen av Edgar Froese som bandet gav ut) og «Cherokee Lane» kjem frå vegar i Coldwater Canyon nær Los Angeles, der Tangerine Dream budde medan dei turnerte.[3]

Encore vert ofte rekna som det definitive konsertalbumet med Tangerine Dream av fansen deira, og det var det siste spelte inn med Peter Baumann, for etter ein konsert i Denver, under den andre halvdelen av turneen deira, informerte han Edgar Froese og Chris Franke om at privatlivet hans ikkje lenger let han vere fulltidsmedlem av Tangerine Dream. I november 1977 slutta Peter Baumann for godt og fortsette å arbeide som soloartist og produsent. Han bygde sitt eige studio i Berlin, før han sidan flytta til New York.[3]

Edgar Froese sa i 1985: «Det er eit stykke her, «Monolight», som syner dei klassiske tilnærmingane våre. Me høyrer ofte på klassisk musikk og kjenner oss særs nær Bach på grunn av kontrapunkta, bruken av sekvensar og meisterverka han skreiv med tanke på basslinjer. Jack Bruce sa at Bach var den beste bassisten gjennom tidende, og det er eg heilt samd i.» [3]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Cherokee Lane»16:19
2.«Monolight»19:54
3.«Coldwater Canyon»18:06
4.«Desert Dream»17:30

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «allmusic ((( Encore > Review )))». www.allmusic.com. Henta 10. april 2013. 
  2. Berling, Michael. «Encore». Voices in the Net. Henta 10. april 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Encore». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020.