South Waikato District
South Waikato District ligg mellom byane Hamilton i nord, Rotorua i aust, Taupo i sør, og Ruhepehu District mot vest på Nordøya på New Zealand. Distriktet ligg i regionen Waikato.
South Waikato District | |||
distrikt | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 818,88 km² | ||
Folketal | 24 400 (30. juni 2018)[1] | ||
South Waikato District 38°09′58″S 175°51′54″E / 38.166°S 175.865°E |
Ngāti Raukawa er den største iwien i området. Det er 32 maraear i distriktet, mellom desse Papa te Aroha marae, Aotearoa marae, Pikitu marae (Nga-Huri), Pōhara marae (Ngati Koriki), Ngatira marae (Ngati Ahuru) og Tarukenga marae (Ngati Te-Ngakau).
I distriktet ligg byane Tokoroa, Putaruru, Tirau og Arapuni. Setet til distriktsstyret, South Waikato District Council, er Tokoroa.
Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 22 641, av desse budde 65% i Tokoroa. Av innbyggjarane i distriktet rekna 6 711 seg som māoriar[3]. Putaruru hadde 3765 innbyggjarar, og Tirau 732. Folketalet i distriktet har gått merkbart attende det siste tiåret, frå 25 011 ved folketeljinga i 1996[3].
Hovudnæringsvegane i distriktet er skogbruk og produksjon av tømmer. Vest i distriktet ligg fleire vasskraftverk.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Subnational population estimates (TA, SA2), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-18 (2018 boundaries)». Statistics New Zealand.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
- ↑ 3,0 3,1 Folketeljinga 2006 - Statistics New Zealand[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «South Waikato District» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2009.