Jegeredderkoppar
Jegeredderkoppar, Sparassidae, er ein familie av edderkoppar som tilhøyrer undergruppa Entelegynae i gruppa Araneomorphae. Dei store, brune edderkoppane som av og til følgjer med importerte bananar og anna frukt tilhøyrer gjerne denne familien.
Jegeredderkoppar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Jegeredderkoppar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Chelicerata |
Klasse: | Edderkoppdyr Arachnida |
Orden: | Edderkoppar Araneae |
Underorden: | Opisthothelae |
Infraorden: | Araneomorphae |
Familie: | Jegeredderkoppar Sparassidae Bertkau, 1872 |
Utsjånad
endreDei fleste artane er store til svært store, langbeinte og ofte brune på farge. Kroppen er tilsynelatande hårlaus. Smaragdedderkopp (Micrommata virescens) er den einaste arten som finst utandørs i Noreg, og er umiskjenneleg: hoa er grasgrøn (den einaste norske edderkoppen bortsett frå hjulspinnarar med denne fargen), hannen er olivengrøn, og bakkroppen raud med to gule striper. Auga står på to rader med fire i kvar, og har gjerne ein lys ring rundt kvart auge. Dei lange beina krummar alle framover, dei to fremste para er lengre enn dei to bakarste.
Levevis
endreEdderkoppane er nattaktive jegerar som ikkje lagar fangstnett. Nokre av artane kjem ofte inn i hus, andre blir ofte importerte til Europa med bananklasar. Ein del artar er blitt spreidde til store delar av verda med handelsvarer. Dei er ikkje farlege for menneske sjølv om bitet til dei store artane kan vera noko smertefullt og kanskje føra til forbigåande opphoving, kvalme og svimle. Likevel kan dei likna på dei svært farlege søramerikanske edderkoppane i slekta Phoneutria (Ctenidae).
Desse edderkoppane jaktar på insekt, til dømes kakerlakkar, og blir derfor rekna som nyttige for menneske. Dei store artane kan også ta små øgler. Dei kan bevega seg svært raskt i ein mellomting mellom hopp og springing. Dei kjem seg lett både framover, bakover og til sidene, og er derfor vanskelege å fanga.
Hoene vaktar over egga sine som dei gjerne ber med seg i ein sekk av silke, og er då svært aggressive.
Utbreiing
endreFamilien er utbreidd i alle verdsdelar, men mest i tropiske og subtropiske område. Særleg er det mange artar i Australia.
Systematisk inndeling
endreFamilien blir delt inn i over 80 slekter. Berre dei som finst i Europa er nemnde under.
- Klasse edderkoppdyr, Arachnida
- Orden edderkoppar, Araneae
- Underorden Opisthothelae
- Gruppe araneomorfe edderkoppar, Araneomorphae
- Gruppe Neocribellata
- Gruppe Entelegynae
- Gruppe Dionycha
- Familie jegeredderkoppar, Sparassidae Bertkau, 1872 (= Heteropodidae, Eusparassidae)
- Slekta Cerbalus Simon, 1897 – 2 artar i Europa
- Slekta Eusparassus Simon, 1903 – 3 artar i Europa
- Slekta Heteropoda Latreille, 1804 – 4 artar i Europa
- Slekta Micrommata Latreille, 1804 – 7 artar i Europa. I Noreg:
- smaragdedderkopp, Micrommata virescens (Clerck, 1757)
- Slekta Olios Walckenaer, 1837 – 5 artar i Europa
- Slekta Tychicus Simon, 1880 – éin art i Europa
- Familie jegeredderkoppar, Sparassidae Bertkau, 1872 (= Heteropodidae, Eusparassidae)
- Gruppe Dionycha
- Gruppe Entelegynae
- Gruppe Neocribellata
- Gruppe araneomorfe edderkoppar, Araneomorphae
- Underorden Opisthothelae
- Orden edderkoppar, Araneae
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jegeredderkopper» frå Wikipedia på bokmål, den 10. januar 2024.
Litteratur
endre- Roberts, M.J. (1995) Spiders of Britain & Northern Europe. Harper Collins. ISBN 0-00-219981-5
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Jegeredderkoppar hos Artsdatabanken
- (en) Jegeredderkoppar i Encyclopedia of Life
- (en) Jegeredderkoppar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Jegeredderkoppar hos Dyntaxa
- (en) Jegeredderkoppar hos Fauna Europaea
- (en) Jegeredderkoppar hos Fossilworks
- (en) Jegeredderkoppar hos ITIS
- (en) Jegeredderkoppar hos NCBI
- (en) Kategori:Sparassidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Sparassidae – detaljert informasjon på Wikispecies