Spesidalar

(Omdirigert frå Speciedaler)

Spesidalar eller speciedaler, ein dansk-norsk mynt med sølvvekt på 25-26 gram, utmynta etter mønster av joachimstalaren. Spesidalar, forkorta spd. , var hovudmynt i Noreg frå 1816 til 1875, med sølvvekt 25,282 gram fint sølv.

Ein sølvspeciedaler frå 1628 med Den norske løvareversen og portett av kong Kristian kvartadversen.
Sjå òg Riksdalar species

Ein spesidalar vart inndelt i 5 ort à 24 skilling, dvs 120 skilling. Spesidalarseddelen skulle kunne løysast inn i sølv. Sølvfondet vart etablert gjennom den såkalla sølvskatten. Ved lov av 13. august 1818 vart innløysingsplikta suspendert, og spesidalaren fall i verdi. Speciedalaren vart på nytt knytt til sølv til pari kurs i april 1842.

I 1875 vart spesidalaren avløyst av kronemynt, slik at det gjekk 4 kroner på ein daler.

Speciedalar vert og bruka som nemning for ein riksdalar species, som var hovudmynt frå 1544 til 1813. Sølvverdien var lik i utmynta speciedalar og riksdalar species.

Bakgrunnsstoff endre