Opna hovudmenyen

Spellemannprisen 2000 blei delt ut i Oslo Spektrum fredag 2. mars 2001. Briskeby blei kveldens store vinnar med heile fire prisar for debutalbumet deira, Jeans for Onassis, og singelen «Propaganda». Herborg Kråkevik vann prisen for Årets spellemann, og a-ha fekk heidersprisen frå juryen for andre gong (første gong var i 1986).

For første gong sidan 1985 blei bransjeprisen delt ut. Prisen gjekk til Kjell Hillveg, for den mangårige innsatsen hans innan formidling av klassisk musikk, mellom anna i NRK og Aftenposten.

NRK arrangerte utdelinga og sende eit redigert opptak av ho dagen etterpå. Programleiarane var Jon Almaas og Bård Tufte Johansen.

VinnararEndra

Klasse Artist Tittel
Popsolist Bertine Zetlitz Beautiful So Far
Popgruppe Briskeby Jeans for Onassis
Rock Motorpsycho Let Them Eat Cake
Hardrock Sensa Anima Sin Thatic
Dance/hip-hop Biosphere Cirque
Folkemusikk/gammaldans Håkon Høgemo Solo
Danseorkester Ole Ivars Medisin mot det meste
Jazz Petter Wettre, Per Oddvar Johansen The Only Way To Travel
Klassisk musikk Leif Ove Andsnes og Det Norske Kammerorkester Haydn: Pianokonsert nr. 3, 4 og 11
Samtidsmusikk Kenneth Karlsson Sofferte Onde Serene
Viser og viserock Kari, Ola og Lars Bremnes Soløye
Barneplate Asgeir Fritt fram
Open klasse Nils Petter Molvær Solid Ether
Årets artist Briskeby Jeans for Onassis
Årets videopris a-ha «Velvet»
Årets nykomar Briskeby Jeans for Onassis
Årets låt Briskeby «Propaganda»
Årets spellemann Herborg Kråkevik
Bransjepris Kjell Hillveg
Spesialpris: heiderspris frå juryen a-ha

KjelderEndra