Leif Ove Andsnes

norsk pianist

Leif Ove Andsnes (fødd 7. april 1970) er ein norsk klassisk pianist.

Leif Ove Andsnes

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1970 (54 år)
Haugesund kommune
Yrke klassisk pianist, dirigent, akademisk musiker, plateartist
Språk norsk
Nettstad https://www.leifoveandsnes.com
Leif Ove Andsnes på Commons

Biografi

endre

Andsnes vart fødd på Karmøy. Han studerte under Jiri Hlinka ved Griegakademiet i Bergen. Han har fått mange prisar. Han har samarbeidd med fleire kjende kor, orkester og songarar, som til dømes tenoren Ian Bostridge, Artemiskvatetten og Det norske kammerorkester. I 2002 spelte han Grieg sin pianokonsert ved den årlege konserten Last Night of the Proms i Royal Albert Hall, London.

Andsnes har òg utmerkt seg som kammermusikar, og saman med bratsjisten Lars Anders Tomter er han kunstnerisk leiar for Risør Kammermusikkfest. Han har òg gjort fleire innspelingar for Virgin og EMI, mellom andre av Chopin, Grieg, Brahms, Schumann, Rakhmaninov, Mozart, Bartók, Haydn, Schubert, Janáček, Liszt og Sjostakovitsj.[1]

I 2007 fekk han ei bistilling som professor ved Norges musikkhøgskole.

Utmerkingar

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andsnes, Leif Ove» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar

endre
  1. Hvem er hvem?, s. 32.