Spike Edney

britisk musikar

Philip 'Spike' Edney (fødd 11. desember 1951) er ein engelsk musikar som sidan tidleg i 1970-åra har spelt med mange band. Han er mest kjend for tida han spelte med Queen frå 1984. Han var uoffisielt rekna som det femte medlemmet av Queen på grunn av dei mange konsertane han spelte med dei. Tidlegare i karrieren hadde han spelt og turnert med The Tymes og Ben E. King, og spelte klaverinstrument, bass, gitar og trombone. Seinare i 1970-åra vart han musikalsk leiar for Edwin Starr og tidleg i 1980-åra arbeidde han med Duran Duran, the Boomtown Rats, Dexys Midnight Runners, Bucks Fizz, Haircut One Hundred og The Rolling Stones. Han spelte òg på comeback-turneen til Peter Green.

Spike Edney

Fødd11. desember 1951 (72 år)
FødestadPortsmouth, England
AliasThe Wizard, The Duke
OpphavStorbritannia
Aktiv1970-åra til i dag
InstrumentKlaverinstrument, rytmegitar, piano, vokal
Tilknytte artistar
Verka somInstrumentalist

I tillegg til Queen, spelte han i soloprosjektet til Roger Taylor, The Cross i tillegg til bandet til Brian May i 1993 og 1998.

Edney danna SAS Band (Spike's All Stars) i 1994.

Utvald diskografi endre

Album

Videoar:

  • Queen: Live in Rio (VHS/DVD, 1985)
  • Queen: Live in Budapest (VHS/DVD, 1986)
  • The Brian May Band: Live at the Brixton Academy (VHS, 1994)
  • Queen+: The Freddie Mercury Tribute Concert (DVD, 2002)
  • Queen: Live at Wembley Stadium (DVD, 2003)
  • 46664 – The Event (DVD, 2004)
  • Live Aid (DVD, 2004)
  • Queen + Paul Rodgers: Return of the Champions (CD/DVD, 2005)
  • Queen + Paul Rodgers: Super Live in Japan (DVD, 2006)
  • Queen + Paul Rodgers: Live in Ukraine (CD/DVD, 2009)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Spike Edney