A Kind of Magic
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 2. juni 1986
Innspelt September 1985 – april 1986 i Musicland Studios i München i Tyskland, Mountain Studios i Montreux i Sveits og Townhouse Studios i London i England[1]
Sjanger
Lengd 40:58
Selskap EMI / Parlophone
Capitol / Hollywood (US)
Produsent Queen, Mack, David Richards
Queen-kronologi 
The Works
(1984)
A Kind of Magic The Miracle
(1989)
Singlar frå A Kind of Magic
  1. «One Vision»
    Utgjeve: 4. november 1985
  2. «A Kind of Magic»
    Utgjeve: 17. mars 1986
  3. «Princes of the Universe»
    Utgjeve: 19. april 1986 (berre USA, Canada, Australia, Japan)
  4. «One Year of Love»
    Utgjeve: 4. juni 1986 (berre Frankrike og Spania)
  5. «Friends Will Be Friends»
    Utgjeve: 9. juni 1986 (berre Europa)
  6. «Pain Is So Close to Pleasure»
    Utgjeve: 19. august86 (berre USA, Tyskland, Nederland, Australia)
  7. «Who Wants to Live Forever»
    Utgjeve: 15. september 1986 (berre Europa)

A Kind of Magic er det 12. studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1986. Det var det første studioalbumet deira som vart spelt inn digitalt, og er basert på filmmusikken til filmen Highlander, den første i ein serie regissert av Russell Mulcahy.

Sjølv om Queen gav ut to album til med Freddie Mercury (utanom posthume utgjevingar), vart A Kind of Magic det siste albumet bandet marknadsførte med ein konsertturné, sidan Mercury fekk diagnosen AIDS året etter. Det førte til at han døydde i 1991. For første gongen i karrieren let bandet seg filme medan dei var i studio. Videoen for «One Vision» syner klipp av bandet medan dei skriv og spelar inn songen.

A Kind of Magic nådde toppen av albumlista i Storbritannia og selde hundretusen eksemplar den første veka. Det låg inne på albumlista i 63 veker[2] og har seld kring seks millionar eksemplar verda over (600 000 berre i Storbritannia) . Albumet gav dei fire hitsinglar: Tittelsporet «A Kind of Magic», «One Vision», «Friends Will Be Friends»,[3] og «Who Wants to Live Forever», med orkester dirigert av Michael Kamen, medan den siste songen, «Princes of the Universe», er kjenningsmelodien til Highlander.[4]

A Kind of Magic og Highlander endre

Albumet hadde status som uoffisielt filmmusikkalbum for filmen Highlander (det vart ikkje gjeve ut noko offisielt album frå filmen). Tittelen «A Kind of Magic» kjem frå ein av linjene til Connor MacLeod (Christopher Lambert) som skildrar udøydelegheita si.[5] Seks av ni songar på albumet var med i filmen, men i forskjellige versjonar. Dei tre songanr som ikkje var med i Highlander er «Pain Is So Close to Pleasure», «Friends Will Be Friends» og «One Vision» (som eit år tidlegare vart nytta i filmen Iron Eagle). Ei innspeling av «Theme from New York, New York» laga for ein scene i Highlander er ikkje med på A Kind of Magic, og har aldri blitt gjeve ut på noko album så langt.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«One Vision»Queen (Roger Taylor)5:10
2.«A Kind of Magic»Taylor4:24
3.«One Year of Love»John Deacon4:26
4.«Pain Is So Close to Pleasure»Deacon, Freddie Mercury4:21
5.«Friends Will Be Friends»Deacon, Mercury4:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Who Wants to Live Forever»Brian May5:15
7.«Gimme the Prize (Kurgan's Theme)»May4:34
8.«Don't Lose Your Head»Taylor4:38
9.«Princes of the Universe»Mercury3:32
Bonusspor på CD-utgåvar frå 1986
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«A Kind of 'A Kind of Magic'»Taylor3:38
11.«Friends Will Be Friends Will Be Friends...»Deacon, Mercury5:58
12.«Forever» (pianoversjon av «Who Wants to Live Forever?»)May3:20
Bonusspor på Hollywood Records CD-utgåva frå 1991
Nr.TittelLengd
10.«Forever»3:20
11.«One Vision» (extended vision)6:23
Bonus-EP frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«A Kind of Magic» (Highlander-versjonen)4:22
2.«One Vision» (singelversjon)4:00
3.«Pain Is So Close to Pleasure» (singlemiks)3:57
4.«Forever» (pianoversjon)3:20
5.«A Kind of Vision» (demo, august 1985)3:23
6.«One Vision» (live at Wembley Stadium, 11. juli 1986)5:12
7.«Friends Will Be Friends Will Be Friends»5:59
bonusvideoar med luksusutgåva til iTunes frå 2011
Nr.TittelLengd
8.«One Vision» (extended promo video, 1985) 
9.«Princes of the Universe» (promovideo, 1986) 
10.«A Kind of Magic» (live at Wembley Stadium, London, 11. juli 1986) 

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [6]
Chicago Tribune    [7]
Encyclopedia of Popular Music     [8]
Kerrang!     [9]
The Rolling Stone Album Guide     [10]

A Kind of Magic fekk blanda kritikk. Rolling Stone skildra albumet som «tung plastikk» og konkluderte «Dette bandet kan godt putte litt pomp og prakt attende i rocken sin. Dei kjem aldri til å klare seg som verdige eldre statsmenn.»[11] The Times skildra albumet som ein av «dei mest spektakulært suksessrike utgjevingane i år», men sette spørjeteikn ved kven det appellerte til og spurte, «kvifor strekkjer det seg ikkje ut til dei av oss som har fått plater å melde?"[3] People Weekly skreiv «Det finst nesten ikkje eit personleg uttrykk, og i alle fall ikkje eit intimt eitt, på dette albumet. Gruppa kan vere blendande, men her er dei berre anmassande.»[12] I ei seinare melding var Allmusic meir positiv, og skreiv «Det er ikkje det mest samanhengande albumet deira, men A Kind of Magic var det beste dei hadde gjort på ei stund.»[6] Kerrang! og Paul Henderson lurte på «kor mykje av albumet som er det 'verkelege' Queen og kor mykje dei var bundne musikalsk til å skrive songar til ein film», og konkluderte med at «berre eit band som bra som Queen kunne gje ut eit album med så forskjellige songar utan å skuffe ein stor del av fansen sin».[9]

I 1994-utgåva av The Guinness All Time Top 1000 Albums vart A Kind of Magic stemt inn på 171. plassen på lista over dei beste rock- og popalbuma gjennom tidene.[13] I ei nasjonal undersøking i 2006 for BBC vart albumet stemt fram som det 42. beste albumet gjennom tidene.[14] I 2007 rangerte Classic Rock A Kind of Magic som det 28. beste filmmusikkalbumet gjennom tidene.[15]

Songar endre

One Vision endre

For meir om dette emnet, sjå One Vision.

Etter Queen spelte på Live Aid var Freddie Mercury entusiastisk om å fortsetje og ringde dei andre medlemmane for å gå i studio for å skrive og spele inn musikk i lag. Det ferdige produktet vart «One Vision». Alle dei fire medlemmane var tilskrivne som låtskrivarar, men Roger Taylor sa i eit intervju med australsk TV at det opphavleg hadde vore hanssong, med ein seriøs tekst om menn som Martin Luther King, men sa på spøk at «den dritsekken Freddie» hadde endra heile teksten hans. Brian May spelte synth-delen i starten av songen på ein Yamaha DX-7. Innspelinga vart filma og seinare gjeve ut på DVD-samlinga Greatest Video Hits 2. Songen er ikkje med i filmen Highlander, men vart nytta i filmen Iron Eagle i 1986.

«One Vision» vart gjeve ut i Storbritannia den 4. november 1985. Singelen nådde sjuandeplassen i Storbritannia og nådde topp ti i fleire land i Europa.

A Kind of Magic endre

For meir om dette emnet, sjå songen A Kind of Magic.

«A Kind of Magic» var skriven av Taylor. Han har sagt at han skreiv ned noko tekst, som var grunnlaget for både «One Vision» og «A Kind of Magic», noko som er tydeleg på demoversjonen av songen som kom ut som bonusspor med plata i 2011. Då Taylor drog ein tur til USA, tok Mercury over, «polerte» teksten, la til basslinja, nokre koplingar og omarrangerte strukturen. Den nye, meir poporienterte versjonen, vart likevel tilskriven Taylor. Det var denne versjonen som kom ut på albumet og gjeve ut som singel. Spike Edney spelar noko klaverinstrument på songen. Ein tyngre og meir rocka versjon kom ut på bonusplata som følgde versjonen frå 2011. Songen vart spelt inn av Elaine Paige i 1988 for albumet hennar The Queen Album.

Singelen kom ut i Storbritannia 17. mars 1986 og nådde tredjeplassen på singellista der. Han nådde òg 42. plassen i USA.

One Year of Love endre

For meir om dette emnet, sjå One Year of Love.

«One Year of Love» er ein song av Deacon. Albumversjonen består av Deacon som spelar ein Yamaha DX-7-synth, eit strykeorkester dirigert av Lynton Naiff og ein saksofon spelt av Steve Gregory. Deacon valde å byte ut gitardelane med ein saksofonsolo etter ein diskusjon med May, som ikkje er med på songen. Han vart gjeven ut som singel i Frankrike og Spania, og vert nytta i ein barscene i Highlander. Denne vart òg spelt inn av Elaine Paige i 1986 og av den nederlandske songaren Stevie Ann i 2006.

Pain Is So Close to Pleasure endre

For meir om dette emnet, sjå Pain Is So Close to Pleasure.

«Pain Is So Close to Pleasure» byrja som eit riff av May. Deacon og Mercury gjorde så songen om til ein Motown-aktig song, der Deacon spelar rytmegitar. Ein noko anna miks og omarbeidd versjon vart gjeve ut på singel i 1986, og nådde 26. plassen på den nederlandske singellista. Dette var siste gongen Mercury song ein heil Queen-song i falsett.

Friends Will Be Friends endre

For meir om dette emnet, sjå Friends Will Be Friends.

«Friends Will Be Friends» var skriven av Mercury og Deacon, med tekst av Mercury.[16] Det er ein av dei siste pianoballadane til Mercury, og har somme musikalske likskapar til tidlegare Queen-songar som «Play the Game» og «We Are the Champions». Songen er ikkje med i Highlander. Songen vart rekna som ein moderne versjon av rockehymnene til Queen frå 1970-åra, «We Are the Champions» og «We Will Rock You», og nådde 14. plassen i Storbritannia. Udner The Magic-turneen vart songen spelt mellom «We Will Rock You» og «We Are The Champions», dei tradisjonelle avslutningssongane på konsertane til Queen.

Singelen kom ut 9. juni 1986 og nådde 14. plassen på singellista i Storbritannia og topp 40 i fleire land i Europa.

Who Wants to Live Forever endre

For meir om dette emnet, sjå Who Wants to Live Forever.

«Who Wants to Live Forever» vart skriven av May og sungen på albumversjonen som ein duett mellom han sjølv og Mercury. Synthane vert spelt på ein Yamaha DX-7 av May, og orkesteret vart arrangert og dirigert av Michael Kamen. Deacon deltok ikkje på songen, og Taylor spelte nokre trommemaskinparti og medverka med korvokal. Perkusjonen og bass vart spelt av orkesteret, trass i at Taylor og Deacon mima desse delane i musikkvideoen. Songen er eit slags «kjærleikstema» i Highlander. I filmen syng Mercury førsteverset i motsetnad til albumversjonen, der May syng dette verset.

Songen vart gjeve ut på singel 15. september 1986 og nådde 24. plassen i Storbritannia. National Philharmonic Orchestra var med i videoen til songen, i lag med 40 korgutar og 2000 stearinlys.

Gimme the Prize (Kurgan's Theme) endre

«Gimme the Prize» var skriven av May. Denne songen vart laga for Highlander, og samplar forskjellige linjer frå filmen, mellom anna «I have something to say: It's better to burn out than to fade away» og «There can be only one», som vert talt av Clancy Brown (The Kurgan) og Christopher Lambert(Connor MacLeod). Regissøren Russell Mulcahy seier i DVD-kommentaren at dette var den songen han likte minst av songane bandet bidrog med til fimlen, fordi han ikkje likar heavy metal. May sa òg at både Mercury og Deacon hata songen.

Don't Lose Your Head endre

«Don't Lose Your Head» vart skriven av Taylor med Joan Armatrading på vokal. Songen har tittel etter ei linje som vert sagt i Highlander, og vert spelt ei kort stund då Kurgan kidnappar Brenda. Songen glir over i ein versjon av «Theme from New York, New York», men dette er berre eit lite klipp. Ein instrumental versjon av songen, kalla «A Dozen Red Roses for My Darling» vart gjeve ut som B-sida til «A Kind of Magic».

Princes of the Universe endre

For meir om dette emnet, sjå Princes of the Universe.

«Princes of the Universe» er kjenningsmelodien i filmen og den einaste songen på albumet der Mercury står som einaste låtskrivar. Songen er ein kompleks og tung song, og demonstrer Queen attende til hardrock- og heavy metal-røtene sine. Songen vert spelt under opninga av Highlander.[17] Musikkvideoen nyttar klipp frå filmen, og ein opptreden av Christopher Lambert, som sloss med Mercury i Silvercup Studios, der filmen vart spelt inn.

Songen vart berre gjeve ut på singel i Australia, der han vart ein liten hit med ein 28. plass på singellista våren 1986.

Medverkande endre

  • Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, synthesiserar, sampler på «One Vision», «Pain is So Close to Pleasure» og «Friends Will Be Friends»
  • Brian May - elektrisk gitar, korvokal, solovokal på «Who Wants to Live Forever», klaverinstrument på «One Vision» og «Who Wants to Live Forever», programmering på «Who Wants to Live Forever»
  • Roger Taylor - trommer, elektroniske trommer på «One Vision», korvokal, klaverinstrument på «A Kind of Magic» og «Don't Lose Your Head», programmering på «One Vision» og «Don't Lose Your Head»
  • John Deacon - bassgitar, elektrisk gitar på «Pain is So Close to Pleasure», «Friends Will Be Friends» og «Don't Lose Your Head», klaverinstrument på «One Year of Love» og «Pain is So Close to Pleasure», sampler og programmering på «One Year of Love» og «Pain is So Close to Pleasure»
Andre medverkande

Lister endre

Lister og salstrofé endre

Liste (1986) Plassering
Australia[18] 12
Austerrike[19] 3
Canada[20] 50
Nederland[21] 2
Frankrike[22] 6
Italia[23] 13
Japan[24] 25
New Zealand[25] 9
Noreg[26] 5
Sverige[27] 9
Sveits[28] 4
UK Albums Chart[29] 1
U.S. Billboard 200[30] 46
Vest-Tyskland[31] 4

Årslister endre

Liste (1986) Plassering
Australia[18] 68
Austerrike[32] 16
Italia[23] 62
Sveits[33] 18
UK Albums Chart[34] 8

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[35] Platina 50 000x
Frankrike (SNEP)[36] Gull 206,000[37]
Tyskland (BVMI)[38] 3× Gull 750 000^
Spania(PROMUSICAE)[39] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[40] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[41] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[42] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. A Kind Of Magic queenonline.com Henta 22. juli 2016
  2. A Kind Of Magic Chart Stats. Henta 22. juli 2016
  3. 3,0 3,1 A Kind of Magic review. The Times. 21. juni 1986. Archived at queenarchives.com
  4. Bartkowiak, Mathew J. (2010) Sounds of the Future: Essays on Music in Science Fiction Film s.19. Henta 22. juli 2016
  5. Highlander (1986) – Memorable quotes
  6. 6,0 6,1 Prato, Greg. «Queen A Kind of Magic review». Allmusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen den 10. november 2010. Henta 19. november 2010. 
  7. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  8. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  9. 9,0 9,1 Henderson, Paul (26. juni 1986). «Queen 'A Kind of Magic'». Kerrang! 123. London, UK: United Magazines ltd. s. 12. 
  10. «Queen: Album Guide». Rolling Stone. Henta 11. juni 2012. 
  11. Coleman, Mark (9 Oktober 1986). «Queen – A Kind Of Magic». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. april 2014. Henta 13. september 2011. 
  12. A Kind of Magic review. People Weekly. 25. august 1986. Archived at queenarchives.com
  13. Guinness: All-time top 1000 albums. 1994. Archived at rocklistmusic.co.uk
  14. Top 100 Albums. BBC Radio 2. Broadcast 28. august 2006. Archived at rocklistmusic.co.uk
  15. 49 Best Soundtrack Albums. Classic Rock. Oktober 2007. Archived at rocklistmusic.co.uk
  16. Brian May (30. juli 2006). «Bri's Soapbox». brianmay.com. Henta 29. desember 2008. 
  17. Freestone, Peter (2001) Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best s.96.Omnibus Press, Henta 21. juni 2016
  18. 18,0 18,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. Steffen Hung. «Queen – A Kind of Magic". austriancharts.com. Henta 21. juni 2016
  20. Queen – A Kind of Magic Library and Archives Canada. Henta 21. juni 2016
  21. Steffen Hung. «Queen – A Night At The Opera". dutchcharts.com. Henta 21. juni 2016
  22. A Kind of Magic infodisc. Henta 21. juni 2016
  23. 23,0 23,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1986» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 3 Oktober 2011. 
  24. «Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) – Albums Chart Daijiten – Queen» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 14. august 2011. Henta 5. juli 2016. 
  25. Steffen Hung. «Queen – A Kind of Magic" Arkivert 2012-11-02 ved Wayback Machine.. newzealandcharts.com. Henta 21. juni 2016
  26. Steffen Hung. «Queen – A Kind of Magic". norwegiancharts.com. Henta 21. juni 2016
  27. Steffen Hung. «Queen – A Kind of Magic". swedishcharts.com. Henta 21. juni 2016
  28. Queen – A Kind Of Magic HitParade. Henta 21. juni 2016
  29. A Kind Of Magic Chart Stats. Henta 21. juni 2016
  30. Queen Billboard. Henta 21. juni 2016
  31. Steffen Hung. «Queen – A Kind of Magic". germancharts.com. Henta 21. juni 2016
  32. «Austerrikencharts.st – Jahreshitparade 1984». Hung Medien. Henta 1. august 2010. 
  33. «Hitparade.ch – Schweizer Jahreshitparade 1986». Hung Medien. Henta 17 Oktober 2011. 
  34. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 3 Oktober 2011. 
  35. «Austrian album salstrofé – Queen – A Kind of Magic» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter A Kind of Magic in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  36. «French album salstrofé – Queen – A Kind of Magic» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  37. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Henta 10. juni 2016. 
  38. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'A Kind of Magic')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  39. «Solo Exitos 1959-2002 Ano A Ano: Certificados 1979-1990». Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  40. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'A Kind of Magic')». Hung Medien. 
  41. «British album salstrofé – Queen – It's a Kind of Magic». British Phonographic Industry.  Enter It's a Kind of Magic in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  42. «American album salstrofé – Queen – A Kind of Magic». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre