Spike Heatley
Spike Heatley (fødd 17. februar 1933) er ein britisk jazzbassist frå Nord-London.
Spike Heatley | |||
Fødd | 17. februar 1933 (91 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nord-London i Storbritannia | ||
Død | 10. november 2021 | ||
Dødsstad | Dinan | ||
Fødenamn | Brian John Heatley | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1958–2021 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | kontrabass | ||
Verka som | Jazzmusikar |
Han byrja å spele med Vic Ash's sextet i 1958[1] og spelte så ei kort tid med kvartetten til Tubby Hayes, før han slo seg saman med pianisten Eddie Thompson sin hustrio på Ronnie Scott's i Gerrard Street, medan han òg spelte med John Dankworth.
Heatley vart verande med Dankworth fram til 1962, då han vart med i Tony Coe Quintet, og turnerte med trompetisten Kenny Baker. I 1963 spelte han med Bill Le Sage og Ronnie Ross quartet, med Allan Ganley. Han byrja så å spele som studiomusikar i lag med Jimmy Page og John McLaughlin. Han var eit tidleg medlem av Alexis Korner sitt Blues Incorporated.[2] Mellom 1970 og 1974 var han ein del av jazzrockbandet CCS, og spelte på innspelingar med Rod Stewart.
I 1970-åra spelte han i husbandet til barne-TV-showet Play Away.
I 1980- og tidleg i 1990-åra spelte han i The Great Guitars med Herb Ellis, Charlie Byrd og Barney Kessel og stundom med Martin Taylor. Han spelte så i trioen til Kessel.
Diskografi
endre- Presenting The Bill Le Sage - Ronnie Ross Quartet (April 1963)
- The Other Side of the Coin (Renella Records)
- One for Clifford and another one for Tubby (Renella Records)
- Zurich Express (Renella Records)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spike Heatley» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ David Taylor's British Jazz web site Arkivert 2008-03-31 ved Wayback Machine.
- ↑ Cyril Davies web site