Barney Kessel

amerikansk gitarist

Barney Kessel (17. oktober 19236. mai 2004) var ein USA-amerikansk jazzgitarist. Han var særleg kjend for den store kunna i akkordar og inversjonar og akkordbaserte melodiar. Han var medlem av fleire jazzgrupper og vart mykje nytta som studiomusikar og til film- og fjernsynsmusikk. Kessel var medlem av ei gruppe studiomusikarar som uformelt vart kalla The Wrecking Crew.

Barney Kessel

Fødd17. oktober 1923(1923-10-17)
FødestadMuskogee i Oklahoma i USA
Død6. mai 2004 (80 år)
DødsstadSan Diego i USA\
OpphavUSA
Aktiv1940-åra til 1992
SjangerJazz, pop, R&B, rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarChico Marx, Oscar Peterson, Ray Brown, Sonny Rollins, Phil Spector, The Beach Boys, The Monkees, Milt Jackson, The Wrecking Crew
PlateselskapColumbia, Contemporary, Reprise, Black Lion
Verka somMusikar, komponist
Gift medB. J. Baker
PrisarOklahoma Music Hall of Fame

Biografi endre

Kessel byrja karrieren sin som tenåring og turnerte med lokale danseband. Då han var 16 år spelte han med Hal Price & the Varsitonians. Han gjekk så vidare til band som bandet leia av Chico Marx. I 1944 deltok han i filmen Jammin' the Blues, med Lester Young, og i 1947 spelte han med Charlie Parker's New Stars på Relaxin' at Camarillo-innspelinga for Dial Records.[1] Han vart kåra til den beste gitaristen av Esquire, Down Beat og Playboy i undersøkingar mellom 1947 og 1960.[2]

Kessel er kjend for det nyskapande gitararbeidet i triosettingar. I 1950-åra laga han ei rekkje album kalla The Poll Winners med Ray Brown på bass og Shelly Manne på trommer. Han var òg gitarist på albumet Julie Is Her Name (1955) av Julie London, som inneheld standarden «Cry Me a River». Denne songen vart ein stor hit med gitar av Kessel, der han syner den melodiske akkordstilen å spele på i ei lita jazzgruppe.[3] I 1950-åra gav han ut tre Kessel Plays Standards-album md noko av det mest polerte arbeidet hans.

Kessel var òg medlem av Oscar Peterson Trio med Brown i eitt år, men slutta i 1953. Kessel spelte òg med Sonny Rollins seint i 1950-åra og spelar på Sonny Rollins and the Contemporary Leaders på songar som «How High the Moon».

Kessel vart mykje nytta som studiogitarist av Columbia Pictures i 1960-åra og vart ein av dei mest etterspurte gitaristane i Amerika, og vert rekna som eit viktig medlem i gruppa av studiomusikarar ein kalla The Wrecking Crew. Han spelte på hundrevis av kjende popinnspelingar med album og singlar for Phil Spector, The Beach Boys, The Monkees og mange andre. Han spelte ein jazzgitarist kalla «Barney» i ein episode av Perry Mason.

 
Kessel spelar på ein Guild-gitar.

I 1961 introduserte The Gibson Guitar Corporation ein Barney Kessel-modell og denne var i produksjon fram til 1973.

Pete Townshend hylla gitaristen på albumet Scoop i 1983 med instrumentalen «To Barney Kessel».

Død endre

Kessel, som hadde hatt dårleg helse etter eit hjerneslag i 1992, døydde av ein hjernesvulst i heimen sin i San Diego i California den 6. mai 2004, 80 år gammal.[4]

Personleg liv endre

Kessel var gift med B.J. Baker. Dei skilde seg i 1980. Sønene til Kessel, David og Daniel, vart òg studiomusikarar, og arbeidde med Phil Spector i 1970-åra.[5]

Diskografi endre

Som leiar endre


Som sidemann endre

Med Georgie Auld

Med Chet Baker

Med Louis Bellson

Med Benny Carter

Med Buddy Collette

Med Harry Edison

Med Roy Eldridge

Med Ella Fitzgerald

Med Hampton Hawes

  • Four! (Contemporary, 1958)

Med Billie Holiday

Med Milt Jackson

Med Oliver Nelson

Med Anita O'Day

Med Shorty Rogers

Med Sonny Rollins

Med Shorty Rogers


Kjelder endre

  1. Barney KesselAllmusic
  2. «Barney Kessel». 12. juni 2004. Henta 29. november 2016. 
  3. The Guinness Who's Who of Fifties Music. General Editor: Colin Larkin. First published 1993 (UK). ISBN 0-85112-732-0. Julie London, s. 210.
  4. Keepnews, Peter (May 8, 2004). «Barney Kessel, 80, a Gitarist With Legends of Jazz, Dies». The New York Times. 
  5. Brown, Mick (2008). Tearing Down the Wall of Sound: The Rise and Fall of Phil Spector. Vintage Books. ISBN 978-1400076611. 

Bakgrunnsstoff endre