Spinett er eit musikkinstrument i cembalofamilien.

Spinett

Klassifiseringcembalo
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-6-8
Moderne spinett etter fransk forbilde frå 1700-talet

Historie endre

Ein kjenner til spinett frå mellom anna Italia, Frankrike og England, der det var populært som eit husinstrument på 1600- og 1700-talet. Det hadde sin største popularitet i England, der der blei bygd fint finerte eller massive instrument av valnøtt på 1700-talet. Eit kjenneteikn ved dei engelske instrumenta er at klaviaturet ofte hadde fullt omfang, dvs. F1-f3 (61 tangentar).

Skildring endre

Spinettet har normalt eit manual og eit 8' register. Klangen er den same på cembaloet, men spinettet er ofte meir veleigna til mindre rom, anten som soloinstrument eller som akkompagnement til ein solist.

Ordsoge endre

Ordet «spinett» stammar truleg frå latin spina, «torn», og må visa til knipsemekanismen (springaren) i cembalofamilien: lyden blir skapt ved at eit plekter slår an eit strengekor. I Frankrike blir ordet spinette brukt om alle instrumentsvariantane i cembalofamilien, medan i Flandern viste ordet spinet til eit virginal med klaviaturet plassert til venstre på resonanskassa – i motsetnad til muselaret som har klaviaturet til høgre.

Det kan også vera oppkalla etter den venetianske instrumentbyggjaren Giovanni Spinetti (ca. 1500).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre