Virginal
Virginal er eit tangentinstrument i familie med cembalo. Det var populært i Nord-Europa og Italia seinmellomalderen og renessansen.
Virginal | |||
Flamsk virginal (Paris, Musée de la Musique). Merk dei innsette tangentane til venstre for midten. | |||
Cembalo | |||
---|---|---|---|
Andre namn | Virginals | ||
Klassifisering | klimpreinstrument, verkelege bordsiterar med resonanskasse, tangentinstrument | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 31 (Enkle kordofonar) | ||
Liknande instrument | |||
Speleregister | |||
C/E til c3 (45 notar); somme italienske modellar C til f3 (54 notar) |
Virginalar er mindre og enklare former for cembalo med berre ein streng per note som går meir eller mindre parallelt til klaviaturet på langsida av kassen. Mange, om ikkje alle, instrumenta vart laga utan føter, slik at dei kunne setjast på eit bord. Seinare modellar vart bygt med føter.
Mekanismen til virginalar er identiske til cembaloar ved at stålstrengane vert klimpra. Kassen er rektangulær. Strengane vert klimpra nærare midten enn i eine enden, slik som i cembaloar, og dette medfører ein rikare, fløyteliknande tone.
Viriginalane vart først nemnd i skriftlege kjelder av Paulus Paulirinus frå Praha rundt 1460. Populariteten til instrumentet var størst på siste halvdel av 1500-talet til seint på 1600-talet, då det i England vart erstatta av spinett og i Tyskland av klavikord.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Virginals» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Virginal». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: