Spiranthes cernua
Spiranthes cernua | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Spiranthes | ||
Art: | S. cernua | ||
Vitskapleg namn | |||
Spiranthes cernua
(Linné) Rich.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik fuktig eng | ||
Utbreiing: | sentrale og austlege Nord-Amerika, Nederland, Belgia |
Spiranthes cernua er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreI Nederland reknar ein med to underartar:[1]
- S. cernua ssp. cernua (L.) Rich. (nederlandsk namn knikkende schroeforchis)
- S. cernua var. odorata (Nutt.) Kreutz & M.H.Schot (nederlandsk namn welriekende schroeforchis)
I mange klassifiseringar er dei to rekna som eigne artar, S. cernua og S. odorata.[2][3][4][5][6]
Utbreiing
endreBåe underartane er kjende frå den sentrale og austlege delen av USA, ssp. cernua òg frå søraustlege Canada.[2][3]
Båe underartane har vore funne forvilla fleire stader i Nederland, men det ser så langt ut til at det er hybridane mellom dei som dannar stabile bestandar.[1] I 2014 vart underarten ssp. odorata òg funne aust i Flandern,[1] og i 2020 og 2022 vart underarten ssp. cernua registrert to ulike stader.[7]
Hybridar
endreHybridane mellom kultivaren S. cernua ssp. cernua 'Chadds Ford' og S. cernua ssp. odorata (nederlansk namn bastardschroeforchis) har etablert seg fleire stader i Nederland. Dei to hybridane som blir danna når den eine eller den andre forelderen er hann, er tydelege å skilje frå kvarandre i utsjånad.[8][9]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 C.A.J. Kreutz mfl. (2016). «Schroeforchis (Spiranthes Rich.) in Nederland». Gorteria Dutch Botanical Archives 38 (3/4/5): 86-157. ISSN 0017-2294.
- ↑ 2,0 2,1 «PoWO: Spiranthes cernua». Plants of the World Online. Henta 23. januar 2024.
- ↑ 3,0 3,1 «PoWO: Spiranthes odorata». Plants of the World Online. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «Spiranthes cernua», World Flora Online, henta 29. februar 2024
- ↑ «Spiranthes odorata», World Flora Online, henta 29. februar 2024
- ↑ Barbara Gravendeel (2016). «Nieuwe schroeforchissen in Nederland en België» (PDF). De Levende Natuur 117 (5): 203-206. ISSN 0024-1520.
- ↑ «Verspreidingskaart: Knikkende schroeforchis – Spiranthes cernua». Waarnemingen.be. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Spiranthes cernua 'Chadds Ford' × odorata». FLORON. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Spiranthes odorata × cernua 'Chadds Ford'». FLORON. Henta 23. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Spiranthes cernua i Encyclopedia of Life
- (en) Spiranthes cernua i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Spiranthes cernua hos ITIS
- (en) Spiranthes cernua hos NCBI
- (en) Spiranthes cernua hos The International Plant Names Index
- (en) Spiranthes cernua hos Tropicos
- (en) Kategori:Spiranthes cernua – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Spiranthes cernua – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Spiranthes cernua – detaljert informasjon på Wikispecies